- Det viktigaste er å heia!

Sigrid Krangnes (8) fekk god draghjelp på Ørnar­stafetten. Så gir ho den vidare til andre.

Publisert 20.03.2017 kl. 21.05. Oppdatert kl. 07.04.

- Du må heia! Då gjer du kanskje sånn at dei som går blir oppgira av heiinga og så går dei endå litt fortare, seier Sigrid, som har gått stafett med lagkameratar frå Bjørgum IL.

Etterpå stilte ho seg opp og heia på dei andre løparane.

- Pappa heia på meg, og tante, og nokon eg ikkje kjenner. Det var kjekt!

ALVOR: Dess lenger opp i aldersklassane, dess meir alvor. Gutar 13-16 står på startstreken og får instruksar av rennleiar Håvard Skattum.

Fellesskap

I flott vêr vart Ørnarstafetten i Årmotslia ein triveleg skidag for liten og stor.

- Me har 300 deltakarar påmelde og det er me veldig nøgde med, seier rennleiar Håvard Skattum. - Det kjekke med stafett er at alle går saman med laget sitt og for klubben sin. Ørnar­stafetten handlar om å laga god stemning og fellesskap.

VETERAN: Knut O. Dugstad gjekk sitt fyrste skirenn her i 66.

Tungt, men kjekt

Dei aller minste på 7-8 år går mest for gøy. Når det kjem opp i åra, vert det litt meir seriøst.

- No trur eg det går bra! Me fekk god leiing av Ingeborg. Trur me skal greia det, seier Amalie Galaaen Røthe (12) etter sin etappe for Voss IL. Ho er sliten­, men nøgd. - Det vart veldig tungt på slutten.

FOTOFINISH: Sigersgutane Markus Håheim, Petter Andreas Gårdsvoll og Åsmund Samnøy Skjeldal vert fotograferte av eit ivrig støtteapparat.

Fotofinish

- Det er kjekt å gå på ski. Eg lærer av pappa, seier Åsmund Samnøy Skjeldal. Saman med lagkameratane Markus Håheim og Petter Andreas Gårdsvoll har han sikra siger for Voss IL sitt lag i gutar 11-12 år. Far til Åsmund, Kristen Skjeldal, rosar gutane.

- Flott at de tok i bruk «Klæbo-stilen» i motbakkane, seier han til har Markus og Petter, som gjekk klassiskdelen.

Så stiller dei tre seg opp til foto­grafering for eit stolt støtte­apparat.

- Smil!

FOTO: Ingerid Jordal