GLANSBILETET: Den perfekte husmora tek seg ein pust i bakken, i arbeidet med vaskebytte og kost. Illustrasjon frå Husmorboka

- Eg tenkte aldri over at bestod var på jobb!

Innsatsen til husmora bør få den respekt og verdsetjing desse kvinnene fortener, meiner forfattar Iris Furu.

Publisert 18.03.2017 kl. 08.11. Oppdatert kl. 07.37.

Torsdag var Iris Furu (31) på heimlege trakter på Voss, og heldt føredrag om husmødrene sitt arbeid på 50- og 60-talet, i Kulturhuset. Før ho kunne lada opp til kvelden saman med farmora, bestod, gjev ho Hordaland ein gjennomgang av temaet.

Iris Furu gav i fjor ut si fyrste bok, Husmorboka. Til dagleg er ho tilsett i Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening.

- Eg vart spurt om å sjå litt nærare på dette med husarbeid. Som me veit var det eitt menneske som gjorde alt, husmora. På 1950- og -60-talet var dette Noregs største arbeidsgruppe. Men både i kvinnehistoria, likestillings- og arbeidarhistoria er denne innsatsen heilt oversett. Husmora var usynleg i samfunnet då, men kanskje aller mest no i ettertid!

Også for Iris Furu sin del var oppfatninga den same:

- Eg tenkte aldri over at bestod var på jobb! Det er på tide at me gjev desse damene den anerkjenning dei fortener. Det er aldri reist statuar over deira innsats, peikar Iris Furu på.

KVA GJORDE DEI? I arbeidet med boka måtte ho finna ut kva oppgåver husmødrene hadde, i ei tid utan mange av dagens hjelpemiddel eller varetilbod. Ho starta med å ringja til farmora. Eg skal skriva bok om husmora, sa Iris til henne.

HUSMORBOKA: Iris Furu presenterte torsdag boka ho har skrive, om kvinner i forkle, som spreidde lukt av grønsåpe og fersk baskt.

- «Akkurat. Men dette har ikkje du greie på,» svarte ho. Det har vorte mange telefonar, smiler Iris.

Studiar av gamle husmorbøker og gamle dameblad har vore ein del av arbeidet for å henta fram inntrykk av kva som var forventa av desse kvinnene. 1950- og 1960-talet er i ettertid sett på som husmødrene sin gullalder.

- Det var utslag av ein vilje samfunnspolitikk. Familiane skulle klara seg på berre ei lønsinntekt. Skattemessig vart dei straffa om begge partar hadde inntekt, og barnehagar var ikkje tilgjengeleg. Alt husarbeid var manuelt.

- Tida det tok var ekstremt lang. Idealet var eit plettfritt hus om morgonen, og middag på bordet om ettermiddagen då far kom heim. Alt det daglege vedlikehaldet, for å halda oppe standarden. Heimelaga mat, frå botnen av.

Unte familien seg ein sundagstur sommar og haust, kunne det kombinerast med bærplukking med tanke på saft og syltetøy.

- No er det på ny trendy med safting og sylting. Men me må ringja bestemødrene att, for mykje av kunnskapen om dette har vorte borte.


LANGE DAGAR. Husmødrene hadde lange arbeidsdagar. Fyrst oppe og sist i seng, det var husmora. Iris Furu meiner det var eit veldig press på desse kvinnene, for å yta. Aldri heilt fri, for heile tida var det noko meir som kunne vore gjort.

Husmora var navet i familien, med ansvar for både ektemann og born. Ansvaret for familien si lukke låg på henne.

Med åra vart ulike nyvinningar tilgjengeleg i heimen.

- Paradokset er at desse hushaldningsmaskinene ikkje nødvendigvis sparte tid. I staden heva dei standarden. Med vaskemaskin for kle, vart det til at kleda vart oftare vaska. Då elektrisk lys i si tid gjorde sitt inntog, måtte det vaskast meir, fordi skiten viste betre ...

I matvegen vart nyvinningar som buljongterning, posesuppe og frosne grønsaker møtt med stor skepsis.

PRØVDE SJØLV. For å kjenna på kroppen sjølv kva dette arbeidet innebar, prøvde Iris å leva som ei slik husmor, ei veke i fjor vår.

- Det heldt ikkje lenge, smiler ho.

- Eg kosta golv dagleg, badet skulle vaskast dagleg, stålkranane pussast. Potteplantane skulle stellast. Det tyngste var all bankinga, av teppe og dyner som skulle luftast.


2016-husmora opplevde alt dette som eit temmeleg monotont arbeid som skulle utførast mange timar for dagen, åleine. Matlaginga var også tidkrevjande, men Iris har frå før sansen for god mat laga frå grunnen av. For henne er det eit val ho har gjort ut frå eiga lyst og interesse, ikkje fordi ho er nøydd til det. Eksperimentet har gjeve henne enorm respekt for husmødrene.

- Sjølv var eg nokså vissen etter den veka, men blomane mine strutta!

SOSIALT PRESS. Forfattaren teiknar ikkje eit bilete av berre einsidig slit. Mange menn såg at kona sleit, men opplevde at det ikkje var så lett for andre å sleppa til. Husarbeidet var kvinna sitt domene, det låg også mykje stoltheit i det, meiner Iris Furu. På den andre sida var det sosiale presset klart til stades. Var dei kvite kleda på turkesnora så kvite som reklamen lokka med? Kva om du ikkje nådde å ta din tur med trappevasken ei veke?

- Sjølvpålagt arbeid er og eit arbeid, minner Iris om.

Husmorrolla er også no eit aktuelt tema. Somme mødrer vel eit liv som heimeverande, ikkje minst av omsyn til borna.


MINSTEPENSJONISTAR. - Eg vil ikkje døma om andre sitt val. Men dei som er heimeverande må vita kva konsekvensar det kan ha. Ein vert avhengig av partnaren sin økonomi, og ein avstår frå eiga pensjonsopptening. Det er kanskje ikkje så romantisk å snakka om pensjonsordningar, men mange av desse kan enda som minstepensjonistar. Mange av husmødrene frå 50- og 60-talet sit i dag som minstepensjonistar og kjenner på det, kor urettferdig det er.

Iris Furu irriterer seg over dei som omtalar seg som husmødrer, straks dei har kome i gang med ein bolledeig. For dei er ikkje i nærleiken av det som vart kravd av ei husmor, tidlegare! Sjølv ser ho tydeleg at ho er langt betre i teorien enn i praksis.

Ho er glad for å ha skrive ei bok der husmødrene vert tekne på alvor, desse damene som er så lette å latterleggjera. Responsen har vore veldig god, frå takknemlege eldre kvinner. Dei har aldri skrytt av jobben sin, men er glade for nokon lyfter fram innsatsen deira.

Rykta seier at mottakinga også på Voss var god, i arrangementet som Voss Bibliotek og Lesehug samarbeidde om.