- Eg tenkte «no går det til helvete»

Tarjei Sandal (31) frå Suldal slapp unna med eit lite skrubbsår då eit svært tre trefte bilen hans mellom Kvanndal og Granvin.

Publisert 20.03.2017 kl. 13.04. Oppdatert kl. 16.07.

Måndag morgon gjekk det eit ras på vegen mellom Kvanndal og Granvin, der masse snø og ei svær furu kom ned frå fjellsida. Tarjei Sandal (31) frå Suldal sat i bilen som vart treft av den store furua.

- Eg var på veg frå Suldal til Fjærland på jobb, og var fyrst i køen med bilar som hadde køyrt av ferja. Fyrst såg eg at det kom ein god del snø ned frå fjellsida, og tenkte at det ikkje var så gale. Men så kom det plutseleg eit stort tre. Og då var det for seint å stogga, seier han.

- Eg tenkte at «no går det til helvete». Det er jo det ein tenkjer når ein ser noko slikt.


Eit smell

Tarjei høyrde eit stort smell, og forstod raskt at han var rimeleg uskadd. Treet hadde treft med stamma på førarsida, men han var likevel like heil.

- Eg kjenner meg litt mørbanka, og har eit lite skrubbsår på armen. Men det er jo ingenting. Det kunne fort gått mykje verre, seier han.

31-åringen meiner han har vore skikkeleg heldig.

- Eg er i live, og eg har ikkje fått varige mein. Då må ein berre vera fornøgd. Det var maks uflaks at eg vart treft, men eg har vore heldig likevel.