STILL OPP: Aksjonsleiar Laila Himle har ein appell til alle som vil ha ny E16 og Vossabane raskt: Still opp på Øyrane torg sundag. Arkivfoto: Lisa Maria Breistein Sølvberg

- Lag plakatar, markér misnøya!

- Det er no me lyt protestera. Når alt er bestemt, er det for seint, seier Laila Himle,

Publisert 17.03.2017 kl. 22.57. Oppdatert kl. 23.14.

Himle står i spissen for E16-aksjon på Øyrane torg i Arna fyrstkomande sundag.

- Minst 1000 på markeringa sundag vil senda eit klart signal til regjeringa om at me ikkje aksepterer utsett byggjestart for ny veg og bane mellom Arna og Voss. Arbeidet må starta i 2021, noko som er fullt mogleg. Det har eg personleg fått avklara med Kjell Kvåle frå Statens vegvesen, som leiar prosjekteringsarbeidet. Frå vegstellet si side skal alt vera klart for byggjestart i 2021, som tidlegare planlagt, seier ho.


Statsråden invitert

Oppmodinga frå Laila Himle er difor:

- Lag plakatar, lag slagord, lag protestrop. Still opp på Øyrane Torg sundag og vér tydeleg, slik at statsråd Ketil Solvik-Olsen ikkje skal vera i tvil om kva folket her lokalt meiner om utsetjinga han legg opp til. Og det er no det lyt protesterast. Når transportplanen er vedteken, er det for seint!

Samferdslestatsråd Solvik-Olsen er elles ein av dei mange som er spesielt invitert til markeringa på Øyrane Torg.

- I tillegg har me invitert eit knippe politikarar frå alle parti, opplyser med-tilskipar Sveinung Riber. Mellom dei inviterte er både Terje Breivik (stortingsrepresentant for Venstre), Anne-Gine Hestetun (Ap, fylkesvaraordførar) og Torill Eidsheim (H, medlem av transportkomiteen på Stortinget) og ordførarane Hans-Erik Ringkjøb (Voss) og Eirik Haga (Vaksdal), begge frå Arbeidarpartiet. Alle dei nemnde er òg oppmoda om å halda appell under markeringa.


E16-aksjon òg?

Frå scena vil det i tillegg verta innslag av den meir muntre sorten, og totalt er markeringa planlagt å vara ein times tid.

- Men så går det rykte om at det i etterkant av vår markering vil verta aksjonert oppe på E16 i ei eller anna form. Kva som dér vil skje, er så vidt eg skjønar ikkje fastlagt, og det skjer heller ikkje i vår regi, seier Laila Himle, som er skipar og leiar av aksjonen «Ny E16 Bergen-Voss umiddelbart».