annonse

Badnajazz med morgonfrosks

Tre glade morgonfroskar. Frå venstre
Tre glade morgonfroskar. Frå venstre: Annlaug Børsheim. Ingemund Askeland og Mari Skeie Ljones. (Foto: INGERID JORDAL)

Jazzparade, salsa, afrikansk folkemusikk, rumenske historier og sunnhordlanske morgonfroskar.

Nils Kvamsdal

Badnajazz er eit univers for seg sjølv i Vossa Jazz-programmet. Minst like variert og fargerikt som vaksenprogrammet, fullt av kunstnarar som lagar stor moro men tek ungane på alvor.

Dansk-afrikansk

Stefan Pasborg er dansk og uhorveleg flink å slå på trommer. Dawda Jobarteh kjem frå det vestafrikanske landet Mali og er minst like flink til å spela på det merkelege strengeinstrumentet kora. Saman lagar dei fredag ettermiddag musikk som gjev både store og små lyst til å hoppa og spretta og dansa rundt, og det må vera lov!

Parade og historier

Jazzparaden midt på dagen laurdag er ein skikkeleg tradisjon på Vossa Jazz. Skulemusikken stiller som eige paradeband, og Badnajazzkoret er sjølvsagt med. I tillegg kan kven som helst hiva seg med i paraden, gjerne i flotte kostyme og sminka slik at ingen kjenner deg att. Her er alt lov! Kanskje det er på tide å setja paraderekord i år? Viss alle som har tenkt å vera med tek med seg minst to til, og dei to igjen tek med seg to til, og ... så kan parden verta skikkeleg lang.

Så lange er kanskje ikkje historiene til Per Olav Kaldestad. Han er frå Stord og er noko så finst som festivalforfattar på verdas einaste nynorske barnebokfestival. Falturiltu heiter festivalen, og Per Olav har lova å lata alle borna på Voss få høyra litt av det han har skrive før dei som skal på festivalen.

Toppdagen

Sundagen er den store Badnajazzdagen. Naturleg nok startar det med Morgonfrosken. Dei tre musikarane som har teke det rare banqbrukar tekstane til nettopp Per Olav Kaldestad. Han laga ein gong ei bok som heitte Når Morgonfrosken syng, og der fortalde han om mykje rart og spenannde som Morgonfrosken opplevde og tenkte på. Annlaug Børsheim, Ingemund Askeland og Mari Skeie Ljones har laga musikk til Morginfrosken sine mange historier.

- Musikke4n er mitt heimland, seier trekkspelaren Solfrid Molland. Det vil seia eigentleg er det sigøynarane som seier det, men Solfrid og bassisten Lars Tormod Jenset tek store og små med seg på ein tur til ein liten landsby i Romania, der alle samlar seg rundt bålet om kvelden og fortel eventyr og soger. Mellom anna eventyret om korleis musikken vart sigøynarane sitt heimland.

Avslutninga på Badnajazz vert ein eksplosjon av glad musikk. Kåre Kolve er frå Voss, men bur i Trondheim. Der har han spelt i eit band som heiter Mambo Compañeros i 20 år! Og på desse 20 åra har dei vorte dei beste i landet til å spela latinamerikansk musikk, og i alle fall salsa. Fyrst skal dei spela for dei vaksne midt på natta laurdag, og så skal dei spela på Badnajazzen midt på dagen sundag. Og har dei ikkje vakna, så skal nok Badnajazzkoret og alle i salen greia å få liv i karane!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.