annonse

Dette er årets Vossa Jazz-plakat

MYKJE SKRYT
MYKJE SKRYT: Vossa Jazz har fått uvanleg mykje skryt for plakaten Tatiana Stadnichenko har laga til årets festival.

- Me har fått enorm respons på plakaten! Alt frå at dette kan folk tenkja seg å ha på veggen til at dette er det flottaste dei har sett.

Nils Kvamsdal

Vossa Jazz-leiar Trude Storheim og resten av juryen ser ut til å ha treft blink med årets Vossa Jazz-kunstnar. Etter kvart har det vorte ein tradisjon at Vossa Jazz, Voss Kunstlag og Vekselbanken går saman om å velja ut ein av avgangselevane frå Kunst- og designhøgskolen­ i Bergen (KHIB) som årets Vossa Jazz-kunstnar. Kunstnaren får laga festivalplakaten, halda utstilling og får også eit stipend på 50.000 kroner frå Vekselbanken.

Årets kunstnar er russiske Tatiana Stadnichenko. Ho er nyutdanna frå KHIB og er for tida heime i Russland. Men ho kjem attende til Noreg og Voss i god tid før festivalen.

Stadnichenko har budd i Russland, Sverige, Noreg og Italia dei siste åra, og dette har farga henne som kunstnar. Ho utforskar korleis det moderne bylandskapet påverkar og formar oss og vår livsstil og identitet. Til Vossa Jazz lagar ho «Shifting land», ein videoinstallasjon der ho kombinerer arkitektur frå landa ho har budd i og let arkitektoniske bilete gli over i kvarandre som ei «arkitektur-elv», «langsame fossar» av vindauge og dører, møteplassar og hennar personlege rom. Publikum skal kunna vandra rundt i denne installasjonen og utforska han frå ulike vinklar.

- Det var eit utruleg høgt nivå på kunststudentane, men Tatiana merka seg likevel ut. Hele verda kjem inn i installa­sjonen, inn i kunsten hennar. Det er utruleg vakkert, og det er spennande og tankevekkjande å sjå kor lita verda eigentleg er vorten, seier festivalleiaren.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.