annonse

Ekvivaje til folket

GLER SEG
GLER SEG: Unni Løvlid ser fram til å by Osa-publikummet på ei vokaloppleving dei aldri har høyrt maken til. (Foto: Ingvild Skeie Ljones)

- Å, eg gler meg veldig! Å verta spurd om å skriva tingingsverk av akkurat Osafestivalen er ekstra fint.

Nils Kvamsdal

Honndølen og tingingsverkkomponisten Unni Løvlid boblar nesten over, tre veker før Osafestivalen. Eller som ho sjølv seier det, akkompagnert av klingande og smittsam latter:

- Når eg set og jobbar så intenst med musikk som eg gjer no, vert eg litt masete!

MASETE HONNDØLER skal ein forresten lytta til, i alle fall når dei har så mykje innhald i maset som det Unni har. Og stort sett greier ho å roa seg heilt greitt ned.

- Å skriva eit tingingsverk er nokså intenst. Det er så mange tankar og idear som skal samlast og gjevast ei form. Eg har alltid vore oppteken av korleis folkemusikken til alle tider har vorte påverka av si samtid, derfor er det så fint å få skriva musikk til Osafestivalen - som akkurat har som sin profil at folkemusikken og kunstmusikken skal møtast og gje kvarandre inspirasjon og påverknad. Det er slik at me vert påverka av alt me lærer og opplever, me kan ikkje lata som om det aldri har skjedd. Slik er det som menneske, og slik er det som musikar. For kvart nytt prosjekt, opplever og røyner eg noko nytt. Det er ikkje alltid like komfortabelt. Av og til hadde det vore makeleg og godt berre å kunna halda fram med å syngja folketonane frå Honndalen og gløyma alt anna, men det fungerer ikkje slik.

EKVIVAJE har Unni Løvlid kalla tingingsverket sitt.

- Når me snakkar med kvarandre, snakkar me som om alle andre forstår orda på same måte som oss. Men når eg seier ordet «stol» til deg, tenkjer du kanskje på ein heilt annan stol enn det eg tenkjer på. Like fullt er begge delar ein stol. Derfor er det ein stor grad av ikkje-kommunikasjon i all kommunikasjon. Eg har jobba ein del med oppdikta språk, laga ord som ikkje eksisterer. Ekvivaje er eit slikt ord, eit ord som ikkje betyr noko som helst: du må sjølv finna ut kva det tyder for deg. Eg skal ikkje gje deg nokon fasit. Eg vonar berre at mange kjem for å høyra på tingingsverket. Eg vert veldig glad viss dei likar det dei høyrer, men det er ikkje sikkert.

Kanskje har du i alle fall funne ut kva ordet Ekvivaje betyr for deg, når konserten er over?

UNNI LØVLID har med seg tre andre songarar på tingingsverket. Daniela og Gergana Dimitrova kjem frå Bulgaria og er gamle kjenningar av Unni.

- Me har jobba saman i meir enn ti år. Det har seg slik at me har same management i Tyskland, og derfor har me gjort nokre prosjekt i lag. I tillegg er me personlege vener. Daniela er ein mørk, mørk alt, medan Gergana er ein «slank» sopran. Dei er det frie songarar, som taklar det å vera solistar like godt som det å stå i eit ensemble. Det er songarar eg kan stola hundre prosent på, og som ikkje treng å vita kvar tone dei skal syngja før konserten er i gang. Dei leverer, uansett!

Fjerde kvinne på laget er Unni sin student frå Norges Musikkhøgskole, Malin Alander. Ho er nordfjording som Løvlid, har jobba ein del med pop, men studerer no folkesong.

- Det er heilt fantastisk for meg, for all min folketonearv er også hennar, så eg kan berre ausa ut: alt er relevant! Malin har elles ein stor «palett» i røysta si, og det skal verta spennande å fylgja henne i åra som kjem.

Fire ulike røyster som likevel utgjer ei eineståande eining. Kanskje det rett og slett er Ekvivaje?

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.