annonse

Fire Spellemannvinnarar på programmet

JENTEMAKT
JENTEMAKT: Susanna (nr. 2 frå høgre) stiller med reint jentelag på tingingsverket. Susanna er ein av fire Spellemannprisvinnarar på festivalen, og tingingsverket er eitt av fem spesialtinga verk som får si urframføring i palmehelga.

Tradisjonen tru, trefte Vossa Jazz godt når det gjaldt å hyra inn ferske Spellemannprisvinnarar til årets festival.

Nils Kvamsdal

I år kan Vossa Jazz rosa seg av å ha fire vinnarar av Spellemannprisen 2016 på programmet.

Årets prisutdeling fann stad siste laurdagen i januar og var den 45. i rekkja. Sjølv om fjernsynssendinga fekk kritikk i etterkant for å vera både tøysete og ikkje representativ for breidda i norsk musikkliv, står prisvinnarane Vossa Jazz har hyrt inn på fjelltrygg grunn.

Heitaste i landet

Fyrste vinnaren ut er ingen ringare enn Highasakite. Kvintetten med vokalist Ingrid Helene Håvik i spissen har nådd høgder både kommersielt og musikalsk få norske band har gjort dei etter dei seinaste åra. Sjølv om mange musikkmeldarar har sett indiemerkelappen på musikken deira, har Håvik tidlegare sagt til Hordaland at ho ikkje heilt forstår kva som vert meint med det omgrepet. For Highasakite er musikk musikk, og skal ikkje plasserast i den eine eller den andre båsen.

Terningkast på topp

Highasakite fekk Spellemannprisen 2016 i kategorien Popgruppe. Bandet gav ut albumet Camp Echo i fjor, og musikkritikarane overgjekk kvarandre i toppa terningkast. Dei spelar seg inn i fyrste festivalnatta i Vossasalen på Park.

I tillegg til Håvik er Narte Eberson (synth), Øystein Skar (synth), Kristoffer Lo (gitar og perkusjon) og Trond Beru (trommer) med i bandet

Filmmusikk

Den andre prisvinnaren er Anders Erik Røine. Prisen fekk multimusikaren i klassen Folkemusikk/tradisjonsmusikk. Albumet heitte Kristine Valdresdatter og var Røine sin nyskrivne musikk til stumfilmen med same namn, den siste som vart laga her i landet.

Her nøyer me oss med å slå fast at dei drivande dyktige medmusikarane til Røine, som trakterer gitar, fele, munnharpe og i tillegg syng, er Marit Karlberg (langeleik, harmonium og vokal), Sondre Meisfjord (bass) og Hans Hulbækmo (munnharpe, sag og trommer).

Ope landskap

Dei to siste Spellemannprisvinnarane har begge evna til å overraska og gje uventa opplevingar. At tingingsverk-komponist Susanna - som i Susanna Wallumrød - stakk av med prisen i Open klasse, var derfor heilt på sin plass. Susanna gav i fjor ut albumet Triangle, som ho fekk prisen for. Til Vossa Jazz kjem ho, ikkje med sitt Magical Orchestra, men med jentelaget Susanna & the Brotherhood of our Lady og verket Garden of Earthly Delights. Med på laget er Ida Løvli (akkordeon), Natali A. Garner (vokal, elektronikk), Stina Moltur Marklund (vokal, elektronikk, gitar), Ina Sagstuen (vokal, elektronikk, tangentar), Kristina Ringvold (ljosdesign) og Silje Grimstad (lyddesign). Sjølv står tingingsverk-komponisten bokført med vokal, flygel og elektronikk.

Tingingsverket går som vanleg laurdag kveld i Vossasalen.

Mellom høgdepunkta

Laurdagskvelden i Gamlekinoen kan lett verta eitt av dei store høgdepunkta på 2017-festivalen. Trompetaren Nils Petter Molvær er eitt av norsk jazz sine desiderte toppnamn, og har vore det i ei årrekkje. At han fekk Spellemannprisen 2016 i kategorien Jazz for albumet Buoyancy var både fortent og lite overraskande.

Molvær sine evner til å kombinera det tradisjonelle med det nyskapande, det nordiske tonespråket med det universelle gjer musikken intens og forførande. Med i Nils Petter Molvær Group er Erland Dahlen (trommer), Geir Sundstøl (gitar), Jo Berger Myhre (bass), David Solheim (ljosdesign) og Tor Knudsen (lyddesign).

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.