annonse

Fotoutstilling med Finne i foajeen

BOTN AV BOTN
BOTN AV BOTN: Botn på ei gammal Botnafele er eit vakkert landskap med sine kurvar og strukturar.
DYNAMISK
DYNAMISK: Å gjenskapa lyden av folkemusikk har vore Finne sin idé i arbeidet med fotoserien.
STILLER UT
STILLER UT: Formgjevar Per Finne er mannen bak plakaten og programframsida på Osafestivalen dei to siste åra. I morgon kveld opnar han fotoutstilling i foajeen på Gamlekinoen.

Temaet er folkemusikk, og metoden er utforsking for Per Finne si Osafestival-utstilling.

Nils Kvamsdal

I førekant av Hamburger og heimabrygg-arrangementet i Gamlekinoen i morgon kveld opnar formgjevar Per Finne ei fotoutstilling i foajeen. Finne er mannen bak plakatane og programframsidene dei to siste åra.

- Eg hadde ein idé då eg starta arbeidet før festivalen i fjor som gjekk på å gjenskapa lyden av folkemusikk fotografisk - eit slags stilleben av instrument brukte i folkemusikk, men utan at musikaren er til stades.

Grafisk

Per Finne er mest kjend som formgjevar, men han har i mange år også nytta kameraet som arbeidsverktøy og fotoet som uttrykk.

- Eg tenkjer formgjeving når eg fotograferer og fotografisk når eg arbeider med formgjeving. Dei to måtane å arbeida på går for meg over i kvarandre, seier Finne.

- I forhold til bileta på utstillinga har eg prøvd å utforska ulike instrument, jobba litt abstrakt og med eit grafisk uttrykk. Det skal vera gjenkjenning utan at det er ei direkte avbilding - eit portrett - av instrumentet. Det har vore nokså tid- og arbeidskrevjande å finna den rette måten å nærma seg instrumenta på. Eg ville ikkje gjera det for opplagt og tydeleg, men likevel gjenkjenneleg. Nokre instrument har vore enklare enn andre i så måte.

Høgde og breidde

Finne stiller ut 10 foto i kinofoajeen. Formatet er gjennomgåande 75 X 60 centimeter, med om lag lik fordeling mellom ståande og liggjande. Finne har også jobba ein god del timar med å velja ut dei motiva som er funne verdige ein plass på utstillinga.

- Ofte er det slik at det intuitive fyrstevalet syner seg å vera det du vert ståande ved, men då har du i alle fall gått heile runden med vurderingar. Og det er ein nyttig prosess.

Utstillinga vert ståande ut Osafestival-helga, deretter flytter Finne bileta til sitt eige galleri bak Vekselbanken.

- Eg får vel kanskje ikkje plass til alle 10 bileta her, men det får me sjå.

Alle bileta på utstillinga i svart-kvitt og for sal.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.