annonse

Gler seg til dobbel urframføring

GLER SEG
GLER SEG: Susanna har store voner til urframføringane i kveld. Fyrst tingingsverket, så smalahovemiddagen. Akkordeonist Ida Løvli Hidle ser litt meir skeptisk ut.

Dei små repeterande pianofigurane gjennomborar deg. Den fleirstemte vokalen kan minna om mellomaldernonnene sin song. Det er tid for tingingsverk.

Nils Kvamsdal Vidar Herre

There's fire in her eyes

Devil in disguise

The demons keep ridin'

on the breath of our time.

Tekstlinene er henta frå ein av songane Susanna & The Brotherhood of Our Lady presenterer Vossa Jazz-publikummet for på tingingsverket i ettermiddag. Det er lite djevelsk over Susanna, men kampen mellom kreftene i oss og i verda ligg aldri langt under overflata i tekstane hennar.

- EG GLER MEG FRYKTELEG! Berre det å få koma hit og verta tekne så godt vare på, få tid til å jobba saman. Det er ingen som er så gjennomført som Vossa Jazz når det handlar om tingingsverk. Men eg er òg veldig spent! Det er no det skal skje.

Susanna og dei fire andre jentene på laget er midt i innstuderinga. Som vanleg legg Olavssalen på folkehøgskulen ei roleg og dempa ramme rundt jobbinga. Her kan komponist, songar, pianist og elektronist Susanna, Ida Løvli Hidle (akkordeon og vokal), Stina Moltu Marklund (gitar, elektronikk og vokal), Natali A. Garner (elektronikk og vokal) og Ina Sagstuen (elektronikk, tangentar og vokal) leggja dei aller siste detaljane på plass. I kulissane ventar to jenter til: lysformgjevaren Kristina Ringvold og lydformgjevaren Silje Grimstad. Dei skal gjera sitt til å gje publikum i Vossasalen ei ekstra stor oppleving.

Å VERA FLUGE PÅ VEGGEN på ei av dei aller siste øvingane før tingingsverkkonserten er alltid like spennande. Ein ting er å få ei lita aning av kva årets tingingsverkkomponist har brukt mykje av tida si det siste halvåret på, men like spennande er det å fylgja prosessen - bryninga av tankar og idear frå dei medverkande, små detaljendringar i siste sekund. Det er her mykje av magien i eit tingingsverk ligg. Musikk ingen har høyrt før skal framførast av musikarar som aldri har framført denne musikken før. Ikkje i sin heilskap og framfor eit stort og forventningsfullt publikum.

- Eg trur publikum vil oppdaga at det musikken på ein måte er noko melodisk kjent, men eg håpar òg dei vil oppleva at det er kjent på nye måtar. Eg har laga mange låtar, bygd opp rundt den lydverda me skapar, med bruken av stemmene våre og med blandinga av akustiske instrument og elektronikk, seier Susanna.

DET FYRSTE ein legg merke til når ein høyrer brotstykke av verket Garden of Earthly Delights er dei små repeterande melodifrasene som Susanna legg i klaverstemma. Små figurar som av og til vert tekne opp att i eitt eller fleire av dei andre instrumenta. Denne måten å bruka musikken på gjev assosiasjonar til alt frå chanting til den monotone maninga i mange urfolk sin magisk-religiøse musikk. Det er ein teknikk som skapar ein heilt eigen og dragande stemning, Du vert sogen inn i magien, på same tid pulserande og stilleståande. Stilleståande på ein god måte, fordi du kjenner at pustefrekvens og puls går ned. Du er midt i hagen av jordisk glede.

Det andre er det spesielle lydbiletet som vert skapt at tre og til tider fire og fem kvinnerøyster. Ikkje berre i perfekte vestlege harmoniseringar, men òg som lydformande reiskapar som byggjer nye spennande byggverk.

- VERKET er bygt opp av tre sekvensar av samanhengande songar, tre bankar eller satsar, forklarar komponisten. Satsane er på fire, fem og fem songar.

- Eg vert eigentleg inspirert av alt eg høyrer rundt meg, meir enn av spesiell musikk eller musikk av spesielle komponistar.

Songtitlane seier også kanskje noko om kva publikum kan venta seg: frå opninga med tittellåten i verket, ber songane namn som Ecstasy, Wilderness, Death and the Miser, Beautiful Life og River to Hell, før det heile munnar ut i fugletribunalet Gathering of Birds.

Det kan vera grunn for fleire enn Susanna og hennar medmusikarar til å gle seg.

Og apropos det å gle seg; ingen av dei fem på scena har ete smalahove før, så den tradisjonelle tingingsverkmiddagen etter konserten vert ei skikkeleg novisesamling. Rett og slett ei urframføring, det òg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.