annonse

Guddommeleg suggesjon på tingingsverket

STEMNINGSFULLT
STEMNINGSFULLT: Unni Løvlid (i midten) la lista høgt både for seg sjølv og sine medsongarar med tingsverket Ekvivaje. Gergana Dimitrova til venstre og Malin Alander til høgre.

Vakkert, suggererande, svevande - og teknisk uhyggjeleg krevjande. Unni Løvlid gjorde det ikkje enkelt for seg sjølv og medsongarane på tingingsverket.

  • Ingerid Jordal
Nils Kvamsdal

Det er lett å gløyma kor vakkert og utruleg flott tette harmoniseringar kan låta. Når intervalla mellom stemmene er så ørsmå at det oppstår svevingar i rommet, og når den samla effekten vert det ein kallar cluster. Unni Løvlid gav dei frammøtte i Gamlekinoen ei påminning mange av dei vil hugsa ei stund. Alle som har sunge i kor veit kor krevjande det er når stemmene ligg halvtonar - eller endå mindre - frå kvarandre. Våre vestleg innstilte øyro har sine fastlåste meiningar om kva reine harmoniar er, og når intervalla mellom stemmene vert for små, vil øyra «tvinga» deg til anten å tetta gapet heilt og syngja unisont eller søkja så langt frå at det vert ein harmoni me er vane og kan leva med.

- Ja, det er frykteleg vanskeleg, men me har øvd! slo ein glad og nøgd tingingsverkkomponist fast rett etter konserslutt.

Nye tekstar. Konserten opna med Løvlid åleine på scena. Stillferdig, men manande gav ho tone til sin eigen tekst Eg har gått gjennom stein.

Fjell massiv, sandkorn

like ugjennomtrengelege, rensande

blikket langt fram, eld

ikkje hald meg tilbake

eg går gjennom stein

Løvlid har lenge vore oppteken av den kommunikasjonen som skjer ved sida av, eller i tillegg til, det talte ordet. I denne prosessen­ har ho også utvikla nye ord, ord det er opp til mottakaren å tolka og leggja innhald i. Namnet på konserten, Ekvivaje, er eit slikt ord.

Alle tekstane som vart brukte på konserten var nyskrivne av Løvlid. Anten på norsk, eller på eit fiktivt språk.

Sakralt. Om innleiinga var manande og suggererande, vart ikkje effekten mindre når Malin Alander, Gergana og Daniela Dimitrova i tur og orden entra scena. Som klangen av kyrkjeklokker, som omen av munkesong, lyden av mellomalderen sine chants - den einstemmige messesongen - gav heile konserten eit sakralt, nesten heilag preg. På same tid stilleståande og i rørsle, der rørsla var effekten av vekslinga mellom kven av songarane som var i framgrunnen til ei kvar tid.

Dei bulgarske systrene Gergane og Daniela kjem frå ein annan songkultur enn vår, men saman med nordfjordsjentene Unni og Malin smelta dei fire røystene saman i eit strålande uttrykk. Klokkeklart og reint, men definitivt med nerve og innhald.

Vind i ansiktet

held meg vaken

raude kinn

godt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.