annonse

Hageselskap med blanda servering

SUSANNA
SUSANNA: Det var ingen tvil om kven som var sjefen i tingingsverket 2017.
INA OG NATALI
INA OG NATALI: Ina Sagstuen (t.v.) og Natali A. Garner supplerte Susanna på vokalen i tillegg til å ha elektronisk ansvar.
STINA OG IDA
STINA OG IDA: Gitarist Stina Moltu Markland og akkordeonist Ida Løvli Hidle skapte spennande lydbilete.

Hagen for dei jordiske gleder synte seg å innehalda ein god del demonisk djevelskap.

Nils Kvamsdal Vidar Herre

Elektronikk er eit usannsynleg vanskeleg medium. Når er nok nok, og når vippar dei perfekt tilmålte dosane over i det meir absurde og overdrivne? Tingingsverket med Susanne & the Brortherhood of Our Lady gav døme på begge deler. På sitt beste var verket på høgde med nesten kva eller kven du plukkar frå Vossa Jazz-soga, men diverre var opphalda mellom toppane litt for mange til at verket får toppkarakter. Med litt meir gjennomarbeiding og litt innstramming her og der, kjem Garden of Earthly Delights til å koma ut som eit verk både komponist, band og Vossa Jazz kan vera meir enn stolte av.

Godt band

Susanna skal ha eit stort pluss for bandet ho hadde sett saman. Bruken av akkordeon, gitar og klaver opp mot elektronikk og opp til fem meir eller mindre elektronisk forma kvinnestemmer gav full utteljing. Det var aldri tvil om kven som var sjefen, både instrumentalt og vokalt, men jentene i bandet gjorde jobben og vel så det.

Tre satsar

Oppbygginga i tre satsar fungerte også godt. Variasjonen i låtane var stor, men det gjekk meir på det melodiske og harmoniske enn på det tempomessige. Hagen for dei jordiske gleder er tydelegvis ein hage der livet lever i langsamt tempo. Og til tider var det verkeleg både jordiske og overjordiske gleder. Som i den vakre Wilderness og oppfylgjaren Wayfarer II. Og pussig nok var River to Hell - Vegen til Helvete - også brulagt med vakre tonegangar.

Kampen mellom kreftene, mellom ljoset og mørkret, var i alle fall så absolutt til stades.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.