annonse

Høyr Signe Seim lesa eigne dikt

VÅRMØTE
VÅRMØTE: Signe Seim skal lesa dikt på Voss lyrikklag sitt vårmøte. (Foto: Ingerid Jordal)

Signe Seim er hovudpersonen på Voss lyrikklag sitt vårmøte torsdag etter påske.

Nils Kvamsdal

Lyrikklaget har lang tradisjon for sine vårmøte. Torsdag 20. april inviterer dei alle interesserte til å koma i Voss bibliotek for å høyra Signe Seim lesa dikt og fortelja om dikta sine - hovudsakleg frå den siste samlinga Jøkulsong. Den samlinga gav ho ut sist haust, og det er ei blanding av nyskrivne dikt og «Finsedikta» som ho skreiv medan ho var lærar­vikar på Finse på 80-talet. Den vesle boka er også ei hylling av livet og kjærleiken, både kjærleiken til naturen og den livslange kjærleiken til ektemannen som døydde hausten 2015.

Signe Seim og Magne Myhra har gjennom dei siste to mannsaldrane høyrt til mellom våre finaste­ og varaste lyrikarar, begge med naturen som ei evig kjelde til inspirasjon for dikta sine.

Vårmøtet i lyrikklaget byr òg på eit møte med 16 år gamle Oda Almeland. Ho skal syngja tre av Seim sine tekstar, tonesette av Jan Jøssang - sjølv ein av lyrikklaget sine mest trufaste bidragsytarar gjennom mange år.

Allsong og Diktet fritt er faste postar på lyrikklaget sine opne møte, så også denne gongen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.