annonse

Samlar saman historiske bilete frå Vossestrand

HØGG PUKK
HØGG PUKK: David «Daoe» Skjelvik knuser stein til pukk. Daoe var bror av den utvandra Sjur (Sivert) som skreiv versa om alle gardane og grendene i Vossestrand. (Foto: UTLÅNT AV DAGFINN BJØRKELID)
Nemnda som arbeider med å laga ei praktbok med bilete frå Vossestrand har Mølster som arbeidsplass. Rundt bordet frå venstre
Nemnda som arbeider med å laga ei praktbok med bilete frå Vossestrand har Mølster som arbeidsplass. Rundt bordet frå venstre: Bjarne Skjervheim, Kjell Herheim, Einar Midtun, Oddvar Drevsjø og Ivar Husdal.
VERS FOR HEILE BYGDA
VERS FOR HEILE BYGDA: Dette heftet gav Sivert P. Shelvik ut i 1955. Heftet inneheld mellom anna dei 32 versa som omhandlar alle gardane og grendene innanfor gamle Vossestrand herad.
«Mot vest den høgveg om Skromlebru går, og til Sundvesbrui den strekkjar» står det i Sivert P. Shelvik sitt vers om landskapet rundt Skromebrui. Fotoet er teke i 1892. EINERETT
«Mot vest den høgveg om Skromlebru går, og til Sundvesbrui den strekkjar» står det i Sivert P. Shelvik sitt vers om landskapet rundt Skromebrui. Fotoet er teke i 1892. EINERETT: RICHARD ANDVORD

Ein gjeng godt vaksne strendingar har for tida museet på Mølster som «arbeidsplass». Der legg dei puslespelet som skal verta ei praktbok om Vossestrand.

Nils Kvamsdal

Tanken om å samla litt av det enorme biletmaterialet som finst frå det som fram til 1964 var Vossestrand herad i ei bok dukka opp for eit par år sidan.

- Det var Ivar som kom og spurde meg om me ikkje burde gje ut ei bok. Det var eg samd i, men då måtte me ha ein raud tråd, og den har me funne, seier fotograf Kjell Herheim. Sjølv halvt strending og med i den «sjølvoppnemnde» redaksjonsgruppa. Dei andre i gruppa er Ivar Husdal, Bjarne Skjervheim, Oddvar Drevsjø og Einar Midtun.

- Ivar har mengdevis med historier og soger i hovudet, han kan det meste om strendingane, Einar og Bjarne er dei som skal skriva historia ned, og Oddvar og eg skal sjå på biletmaterialet. Men eg krev at dei andre òg skal vera med i utvalet av bilete, seier Herheim.

Oddvar er meir enn godt kjend i fjell og på stølar, og han er sjølv ein ivrig fotograf.

32 vers

Den raude tråden gruppa kom opp med skriv seg frå eit lite hefte som heiter Vossebygdene. Evanger, Voss og Vossestrand på kart og i vers. Det vart utgjeve i 1955 og forfattaren av versa var den amerika-utvandra strendingen Sivert P. Shelvik. Eigentleg heitte han Sjur, men då han slo seg ned i Madison, Wisconsin, bytte han namn til Sivert.

- Han skreiv vers om alle gardar og grender frå Evanger til Stronde, og me har teke ut dei 32 versa som ligg innanfor grensene til gamle Vossestrand herad, fortel Einar Midtun.

Dikta skal brukast til inngang for kvart sitt kapittel, sett opp mot eit notidsfoto av garden eller grenda som vert skildra, teke av Svein Ulvund.

Det var pensjonert gullsmed Dagfinn Bjørkelid, næraste nolevande slektning av Sivert Shelvik, som tipsa redaksjonsnemnda om skatten.

Enormt materiale

Vossestrand sogelag vart stifta i år 2000. Dei siste femten åra har dei gjeve ut si eiga årbok med historier og bilete frå farne tider. I tillegg kan dei òg ausa or kjeldene til Or gommol tid, Gammalt frå Voss og Gardssoge for Vossestrand.

- Sogelaget har ei eiga foto-gruppe og har ein base på 5-6000 bilete som heiter Gamle foto frå Vossestrand. I tillegg til dei nye inngangsfotoa skal me laga kortare og lengre tekstar til stort sett gamle foto, forklarar Bjarne Skjervheim.

I tillegg til sogelaget sin eigen fotobase, har redaksjonsnemnda fått gratis tilgang til museet si flyfotosamling frå 1963. Det var Widerøe som den gongen flaug lågt over landskapet landet rundt og tok bilete av gardar, tun, tettstader og meir til. På svært mange av desse kan ein sjå nyfikne menneske som har kome ut på trappa eller står under open himmel og stirer opp mot det den gong sjeldne synet av lågtflygande og krinsande fly.

Ber om meir

Praktboka skal koma ut i god tid til jolehandelen - og i alle fall vera klar til Strandamessa i november. Sogelaget gjev boka ut på eige forlag, men trykkeoppdraget er sett vekk til Grieg i Bergen. Tom Mæland, sunnhordlending som er busett i Raundalen, er hyrt inn som formgjevar.

- Me treng meir foto frå folk i arbeidssituasjonar, og elles alt av bilete og opplysningar som kan vera interessante. Er det nokon som sit med slike ting, må me ha det inn så snart som råd er, Alt stoff skal vera ferdig før sommaren er altfor langt skriden, og mykje godt arbeid ventar dei entusiastiske veteranane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.