annonse

Stumfilmen som forsvann

MEDAN DET ENNO VAR HÅP
MEDAN DET ENNO VAR HÅP: I nokre korte minutt fekk publikum nyta kombinasjonen av stumfilm og nyskriven musikk. Men etter kvart rådde musikken grunnen åleine.
SNAKKA
SNAKKA: Styret i Voss filmklubb, her ved Siri Persen og Øyvind Helleland, hadde benka seg i Gamlekinoen for å nyta stumfil og laut stå for snakkinga sjølve. Men dei vonar likevel på fleire framsyningar i Gamlekinoen og at både inventar og maskinpark vert teke vare på.

Me veit at musikarar er flinke å improvisera, men stumfilmseansen i Gamlekinoen vart litt i meste laget.

Nils Kvamsdal Vidar Herre

Det er klart det er på grensa til ekstremsport å draska med seg ein flammedriven filmframvisar frå 1920 frå Bergen for å verkeleg ta framvisinga av stumfilmen Kristine Valdresdatter til uante høgder. Den gamle flammedrivne dama skapte seg vrang, så vrang at både musikarar og publikum vart sitjande gjerandslause lenge etter sendestart laurdag ettermiddag. Etter ei stund kom arrangementsansvarleg fram og forklarte kvifor korkje film eller musikk kom i gang.

Etter ny venting, vart det annonsert at kinomaskinistane frå Cinemateket i Bergen skulle prøva å handsveiva seg gjennom framsyninga, ein dryg maraton i seg sjølv. Og verkeleg, der flimra tittel og namn på regissør og skodespelarar på den kvite duken, og Anders Røine kunne endeleg inntona musikken han fekk Spellemannsprisen for no på etterjolsvinteren.

Korte omgangar

Men akk, gleda vart kortvarig. Det tok neppe meir enn ti minutt før duken vart blendande kvit att. Orkesteret heldt fram i den, under omstenda, lett absurde posituren med ryggen mot salen. Og etter nokre minutt flimra det til att. Berre for å verta borte etter nye seks-sju minutt.

Til alt hell er Anders Røine ein gåverik forteljar. For å seia det rett ut: replikkane hans og formidlingsevna overgjekk dei noko oppstylta figurane me i korte trekk fekk sjå på lerretet. Etter eit tredje handsveiva forsøk, gav dei i maskinrommet opp.

Fantastisk musikk

Men Anders Røine fortalde levande om kva som skulle ha gått føre seg på skjermen: eit trekantdrama av dei store, med slagsmål, knivstikking og sex som pikante ingrediensar. Rett nok var det dei som sterkt beklaga at dei ikkje fekk sjå dei heilt sikkert pirrande og grafiske skildringane, men for dei fleste av oss gjekk det greitt.

Anders Røine er eit unikum. Ikkje berre er han ein multiinstrumentalist som leikar seg på gitar, fele, «oppimpa» langeleik og munnharpe, men han er også ein meir enn allminneleg dyktig komponist. På elegant vis formidla han både villskapen i trekantdramaet, sødmen, sorga og den endelege lukkelege slutten som alltid må til. Og den prestasjonen han og hans medmusikarar stod for i Gamlekinoen laurdag rangerer kanskje heilt på topp under ein elles kvalitetsfyllt festival.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.