annonse

Trude for tiande gong

LEIAR
LEIAR: Trude Storheim er inne i sin tiande Vossa Jazz som festivalleiar.
DYNAMITTDUOEN
DYNAMITTDUOEN: Det kan sjå ut som festivalleiaren får seg ein rett venstre, men så er ikkje tilfelle. Saman med Kari Trana, regjerer Trude Vossa Jazz-lokalitetane i andre høgda av Tre Brør med kvinneleg gjennomføringskraft.
I EIN STOLT TRADISJON
I EIN STOLT TRADISJON: Trude er den førebels siste av festivalleiarane. Vidare nedover i trappa står Arild Wærness, Lars Mossefinn, Stein Oddvar Hanto, Jon Tvilde og Pål Gjersum, alle tidlegare leiarar av Vossa Jazz.

Då Trude Storheim (44) i går kveld ynskte velkomen til Vossa Jazz, var det for tiande gong. - Eg er i full gang med å tenkja neste års festival!

Nils Kvamsdal Vidar Herre

Trude Storheim er inne i sin tiande Vossa Jazz som festivalleiar, men det hindrar henne ikkje i å ha fleire tankar i hovudet på ein gong. Og fordi ho etter kvart rår over ein så velsmurd og profesjonell organisasjon, kan ho tillata seg å tenkja framover. Alltid framover.

ETTER MANGE ÅR som medarbeidar, ikkje minst på Badnajazzen, vart Trude Storheim hanka inn som ny festivalleiar i 2007. Festivalen det året opplevde ho som gjest, ei merkeleg - nesten ut av kroppen-oppleving.

- Eg berre gjekk der på stas, utan å skulla ta tak i ting heile tida. Det var heilt rart!

Men i 2008 var ho festivalleiar på alvor, og det har ho vore sidan. Alvor er forresten ikkje den mest påtrengjande kjensla der Trude ferdast. Humør og overskot får det meste til å synast som om alt er berre moro, sjølv når det er som travlast og potensielle katastrofesignal lyser både her og der.

- Det er to arrangement som eg alltid er heilt på tuppa for: Opningskonserten og tingingsverket. Alt anna greier me å ordna undervegs, men dei to tinga må berre vera på plass.

I 2011 skjedde akkurat det Trude fryktar meir enn noko anna: Ei veke før festivalen melde Overtone Quartet featuring Dave Holland, Chris Potter, Jason Moran and Eric Harlan forfall til opningskonserten grunna sjukdom. Kva gjer ein festivalleiar då? Kva med å få eit band som ikkje har spelt saman på nokre år til å oppstå på ny frå jazzens fryselager? Trude så gjorde. Trioen Per Jørgensen, Audun Kleive og Jon Balke - sjølvaste Jøkleba - hadde lege på is nokre år, men det var ikkje nei i deira munn då Trude spurde pent om dei kunne redda festivalen.

- 7. april var Jøkleba klare, og 15. april stod dei på scena på opningskonserten i Vossasalen! Den opplevinga står som noko heilt spesielt. Både fordi me hadde medverka til at Jøkleba gjenoppstod, og fordi det seier noko om kor glade musikarane er i festivalen vår og kor villige dei er til å stilla opp.

At redningsaksjonen fekk vidare konsekvensar, visste vel ingen der og då. Men for Jøkleba vart opningskonserten på Vossa Jazz 2011 starten på ein ny aktiv periode. Alt same året gav dei ut albumet Jøkleba!/Nu Jøk?, og tre år seinare kom Outland.

- EG HADDE LANG RØYNSLE som leiar, men eg ante ikkje kva eg gjekk til då eg sa ja til å vera festivalleiar. Eg visste berre at dette var noko eg måtte takka ja til og ta sjansen på. Eg tenkjer som så at når nokon spør deg om noko slikt, er det fordi dei har vurdert deg som god nok, og eg veit eg hadde angra viss eg ikkje hadde teke sjansen.

For Trude var det den kunstnarlege delen av festivalen, det å halda kontakt med og hyra inn musikarar, som var den meste spennande delen av den nye jobben. Og den ho hadde minst peiling på frå før.

- Det å vera ein god leiar handlar alltid om å ha med seg folk som er flinkare enn deg sjølv, og det har eg hatt heile vegen. Når eg ser attende, og veit det eg veit i dag, hadde eg utan tvil søkt jobben på nytt!

VOSSA JAZZ har alltid hatt ein tydeleg profil, der nyskaping, folkemusikk og satsing på nye og for mange ukjende musikarar er grunnleggjande element. Festivalen var svært tidleg ute med å hyra musikarar til å skriva musikk spesielt for seg, Alt i 1978 fekk den bergenske pianisten og bandleiaren Dag Arnesen eit slikt oppdrag, og i 1983 hadde Vossa Jazz det fyrste i ei seinare ubroten rekkje med tingingsverk. Egil Kapstad sitt verk Bill Evans in memoriam var det aller fyrste.

Dei seinare åra har det auka på med nyskriven, tinga musikk, og i dag er det få om nokon festivalar som presenterer så mykje nytt. I år er det fire urframføringar, i tillegg til sjølve tingingsverket.

- Tingingsverket er heilt spesielt for meg, ikkje minst fordi eg er den som kontaktar musikarane og spør om dei kan tenkja seg å komponera neste års tingingsverk. Eg har forresten tingingsverket 2018 i boks alt!

INKLUDERANDE er eit ord Trude gjerne brukar om sine visjonar for korleis ho ynskjer Vossa Jazz skal utvikla seg.

- Alle må ikkje lika Vossa Jazz, men alle skal finna noko å lika på Vossa Jazz. Festivalen har alltid hatt ein profil som treffer breitt, og me jobbar heile tida mot at alle; ungar, ungdomar, vaksne, eldre, funksjonsfriske og dei med funksjonshemming skal ha eit tilbod dei kan nytta. Badnajazzen er vorten ein festival i festivalen, med eige festivalpass, Eldrejazzen har vore eit omgrep i mange år, og UNGjaJAZZja er komen for å bli. Men det som har vekt størst merksemd er Superjazzen, tilbodet vårt for og med funksjonshemma. Ikkje minst utanlandske journalistar er heilt oppglødde over dette tilbodet.

Sjølv om Vossa Jazz har ein stor og stabil stab med frivillige medarbeidarar, der gjennomsnittleg fartstid er sju år, meiner Trude den største utfordringa er å engasjera unge vaksne - dei i 18-20-årsalderen.

- Det gjeld både som publikum og som frivillige. Her har me ikkje knekt koden enno.

- KONTROLLFREAK er eg vel ikkje, men det er ekstremt viktig for meg å ha kontroll. Ikkje på detaljnivå, men overordna. Det må eg ha for å klara å fungera rasjonelt før og under festivalen. Eg har alltid vore ei listedame, ei som lagar lappar og lister på alt mogleg. Det òg må eg berre gjera for å klara å hugsa alt eg skal hugsa.

- Apropos lister: Har du ei toppliste over arrangement alle berre må få med seg på årets festival?

- Tingingsverket! Tingingsverket er alltid sjølvsagt. I tillegg vil eg tala varmt for alle våre nye tingingar: Terje Isungset sitt verk Sildrande, der lyden av vatn er utgangspunktet, Kjetil Møster sitt Møster!-band utvida med Ståle Storløkken og Helge Nordbakken og Significant Time som kjem med ny musikk basert på Vossastubbane til Per Sivle. Opningskonserten var også ei urframføring, der me presenterte Busi Ncubes «Usiko» i samarbeid med Global Oslo Music. Det er òg kjekt at Anders Røine med band kjem og spelar musikken til stumfilmen Kristine Valdresdatter. Tenk at det vert film i Gamlekinoen att! Det er heilt fantastisk og er vorte gjort mogleg gjennom eit samarbeid med Cinemateket i Bergen.

FRAMTIDA for Trude og Vossa Jazz er at ho har to festivalar att av sitt tredje åremål.

- Å leia Vossa Jazz er ein utruleg kjekk jobb, og så lenge eg har gløden står eg på. Uansett kjem eg nok til å vera med som frivillig når eg ein gong er ferdig som leiar.

Å halda fast ved profilen og nyskapinga, og å halda på profesjonaliteten i alle ledd og det gode omdømet Vossa Jazz har, ser Trude som dei viktigaste suksesskriteria inn i framtida. Etableringa av Vossa Jazz-lauget, der eit tjuetals lokale verksemder går saman som hovudsponsorar av festivalen, har vore eit gullkort for festivalen. Det har også gjort sitt til at langt fleire vossingar har eit positivt syn på Vossa Jazz.

- Å gå på butikken og handla inn mat til lunsjen kan i desse dagar fort ta eit par timar. «Alle» stoggar meg og vil snakka om Vossa Jazz. Det er så kjekt!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.