annonse

Gründerpris til Leiren Laks

PRIS
PRIS: Hallstein O. Leiren har fått nok ein pris for lakseprodukta sine.

STAMNES: Hallstein O. Leiren har fått mange prisar for fisken han lagar, og med helga kan ha føya ein ny pris inn i rekkja, Vaksdal kommune sin gründerpris.

Jan-Egil Dyvik

- Dette er ein pris me deler ut kvart år når me har gode kandidatar, og det er absolutt Hallstein O. Leiren, seier Stian Jordalen, leiar i Vaksdal Næringsselskap.

Frå hobby til næring

I fjor var det Bergsdalstunet som fekk utmerkinga for det dei har fått til på tunet sitt.

Leiren tok til å vidareforedla laks og aure som ein hobby, og han utvikla det etterkvart til ei bedrift. Han har bygd seg varsamt opp, og det kan vera ein lur måte å gjera det på, sa Jordalen under utdelinga, som gjekk føre seg på Vinterkonferansen på Vaksdal med helga.

– Dette var overraskande, ja svært kjekt å få slik lokal merksemd med diplom og ein sjekk på 10.000 kr, seier Leiren sjølv i ein kommentar.

Nesten på gråten

Det var så overraskande alt saman at han nesten vart på gråten, legg han til.

Verksemda hans på heimegarden oppi bakkane i Leiro, ein god km før ein kjem til Stamnes, har no bortimot to årsverk.

– Akkurat no er det mellomsesong. Men det tek seg opp att no fram mot påske. Det er røykelaks og grava aure det går i no, og me får berre vellæta frå alle hald. Sjølvsagt set me svært stor pris på alt saman, seier ein takksam gründer.

Fleire vegar til suksess

Produktet Leiren lagar er bygt på tradisjon og har høg kvalitet.

– Lokal kunnskap er sjølvsagt nøkkelen til suksessen. Og så tel det sjølvsagt også at Leiren tok til å utvikla ideen sin som godt vaksen – faktisk 60+, understreka Jordalen.

Det er såleis mange måtar å få suksess på, og alder treng ikkje vera noko hinder.

Leiren har også fått 3. plass i NM for laksen/auren sin, og det berre viser at det nyttar sjølv for ein liten produsent å nå opp saman med dei store.

– Slike prisar er viktige både for disktriktet og regionen, og det er verkeleg med å setja oss på kartet, seier Jordalen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.