annonse

Signe Førre Band

:

Ein av Vossajazz 2014 sine beste konsertar var faktisk konserten med Signe Førre Band.

  • Sveinung Klyve

Her spelte unge jazzmusikarar gladjazz i fengjande rytme.

Elisabeth Lid Trøen frå Lid i Bergsdalen hadde ein sentral rolle i konserten med sitt fantastiske spel på saksofon. Elisabeth er eit utruleg stort talent. Ho har verkeleg kjensle for musikken og ein unik rytmesans.

Det er utruleg nok berre fem år sidan ho byrja å spela saksofon i Voss Jazzskule og framgangen er ikkje til å tru. Alt som 21-åring har ho spelt med og imponert ei lang rekkje store jazzartistar. Ho spelar i ulike band og tek musikkutdanning.

Signe Førre frå Voss er også ein nykommar og svært dyktig bassist, vokalist og komponist også tilknytt arnestaden Voss Jazzskule. Allereie som 19-åring har ho spelt med og imponert storleikar innan jazz. Dette var hennar debut som bandleiar med eit variert repertoar som spenner frå tolkingar av standardlåtar til eigne komposisjonar.

Eivind Austad - piano og Håkon Mjåset Johansen - trommer er også framifrå unge musikarar.

Ta godt i mot framtida, du vil høyra mykje frå desse musikarane.

Signe Førre - kontrabass, vokal

Elisabeth Lid Trøen - saksofon

Eivind Austad - piano

Håkon Mjåset Johansen - trommer

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.