CÆSAR: Står du i salaten er det best å lata som ingenting og venta til det går over, skriv Sjur Hjeltnes i dagens innspel. ILLUSTRASJON: VIDAR HERRE

Smarte tips

Ingen likar å bli lurt.

Publisert 19.03.2017 kl. 10.00. Oppdatert kl. 07.43.

Det er skikkeleg nedtur.

Me vil unngå det.

I staden for å bli lurt, vil me heller væra lure.

Ta dei smarte vala.

Dei fleste prøver så godt dei kan.

Me vil jo berre gjera det som er rett.

Det som er fornuftig.

Det som er bra.

Det som er forventa av oss.

Og ikkje minst: det som er lurt.

For kva er eigentleg lurt å gjera?

Det er ikkje lett å vita.

Noko som virkar lurt å gjera, kan visa seg å vera kjempedumt.

Og noko som virkar komplett idiotisk, kan visa seg å vera det luraste du nokosinne har gjort.

Problemet er berre at du stort sett ikkje får vita om noko var lurt å gjera eller ikkje før etterpå.

Og då er det gjerne for seint.

Gjer du noko som ikkje er lurt, så merkar du det.

Som oftast står det nokon der og seier: det var ikkje lurt.

SÅ KORLEIS SKAL ein finna ut kva som er lurt å gjera?

Det fins bøttevis med smarte tips.

Der ute er det nok av folk som gjerne vil fortelja deg kva som er lurt å gjera.

Dei ropar til deg frå alle kanalar.

Det strøymer mot deg så du knapt kan anda.

Viss du vil vera lur må du: få i deg antioksidantar, passa på at huda sin naturlige ph-verdi blir gjenoppretta, ikkje betala meir enn nødvendig, skaffa deg den beste dekninga til billegaste pris, ikkje kjøpa katta i sekken, alltid sjekka understellet for rust, ta eit fleksibelt lån som du kan betala ned når du vil, velja yoghurt med 50 prosent mindre sukker og feitt, men som likevel har ein fyldig og søt smak, kjøpa ei forsikring som hjelper deg når uhellet er ute, ikkje betala i dyre dommar for noko du ikkje treng, passa på å sjekka avbestillingsvilkåra, ikkje stola på han skeivnosingen som sel bruktbilar, kjøpa den mest konsentrerte omega-3 olja slik at du kan konsentrera deg, ikkje vera redd for å bruka raudbetar og viss du likevel skal kjøpa katta i sekken, må du sjå til å finna den billegaste.

Sjur Hjeltnes.

DET SOM UANSETT er uunngåeleg, er at du på eit eller anna tidspunkt gjer noko som ikkje er lurt.

Ingen har lyst å dumma seg ut.

Det vil me veldig gjerne sleppa.

Me brukar masse energi på å ikkje dumma oss ut.

Ofte prøver me så hardt å ikkje dumma oss ut at me dummar oss ut.

Sånn er det berre.

Det er ikkje til å komma forbi.

Av og til dummar du deg rett og slett ut.

Totalt.

Trakkar galant i salaten.

KVA ER LURT å gjera då?

Når du står der i salaten?

Vel, du kan gjera det som verdas mektigaste mann gjer.

Donald Trump er ekspert i å dumma seg ut.

Han gjer ikkje anna enn å trakka i salaten.

Han er ein profesjonell salattrakkar.

Svære jorde med salat er blitt trakka ned av han.

Han har, i løpet av den korte tida han har vore president, snart dumma seg ut meir enn dei 44 føregåande presidentane til saman.

Han klarar gong på gong, med kirurigisk presisjon, å gjera det absolutt dummaste i einkvar situasjon.

Det er rett og slett spektakulært.

Og kva gjer Donald når han har dumma seg ut?

Når han står i salaten?

Han seier at det ikkje var han si feil.


Han seier at det utruleg dumme han har gjort faktisk var veldig lurt.

Han skuldar på nokon andre.

Han finn på noko som ikkje har rot i verkelegheita.

MEN MEST AV ALT: han let som ingenting.

Når du har dumma deg ut, er nok det det luraste du kan gjera.

Står du i salaten er det best å lata som ingenting og venta til det går over.

LURT ELLER IKKJE LURT, det er ein jungel av gode råd der ute.

Du må berre ta di eiga fornuft sin machete og hogga deg gjennom som best du kan.

Nokon gonger er det umulig å vita kva som er lurt å gjera.

Nokon gonger har du rett og slett ikkje peiling.

Kva skal du gjera då?

Då kan du berre fortelja nokon andre kva som er lurt for dei å gjera.

Det er mykje enklare.

Og morosamare.