BRUTALT DRAP: Den 44 år gamle mannen som har tilstått at han tok livet av Mona Nordaas i juni i fjor, er no tiltalt for øksedrap. FOTO: Ingerid Jordal

44-åring tiltalt for øksedrap

Den 44 år gamle mannen frå Austlandet er no tiltalt for drapet på Mona Nordaas.

Publisert 14.02.2017 kl. 15.45. Oppdatert kl. 16.14.

Mona Nordaas vart drepen i sin eigen heim på Evanger den 16. juni i fjor. Den 44 år gamle mannen som vart arrestert like etter drapet, har heile tida innrømma skuld. No er han tiltalt for drapet, melder BT.

DREPEN I HEIMEN: Mona Nordaas vart 58 år gammal. Ho var ein kjend skikkelse i lokalsamfunnet på Evanger, og dreiv Evangerista kunst- og kulturkafe.

- Drepen med øks

Påtalemakta meiner at drapsvåpenet var ei øks. Mannen er tiltalt for forsettleg drap, og saka skal gå for retten i mai.

Ifylgje tiltalen slo 44-åringen Nordaas «ein rekkje gonger i hovudet med ein øks slik at ho døde på grunn av knusningsskader i hovudet og hjernen».

Tiltalen om drap er teken ut etter ordre frå Riksadvokaten. I tiltalen er det også varsla krav om oppreisningserstatning til Nordaas sine pårørande.


Hjelpte med oppussing

Ifylgje politiet hadde den tiltalte mannen budd ein kort periode på Evanger før drapet. Han skal ha hjelpt Nordaas med diverse vedlikehaldsarbeid i vekene før drapet.