ARKIVFoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

5. plass til Sjur

Sjur klatra til ein 5. plass på laurdagens 15 km i Quebec.

Publisert 18.03.2017 kl. 19.33. Oppdatert kl. 19.48.

Verdscupen i langrenn vert avslutta med ein minitour i Canada. Difor går løparane alle distansar, også sprint, som vanlegvis ikkje er Sjur Røthe sin store styrke. Sjur tok ein 46. plass på fredagens sprint, noko som gjorde at han starta ganske langt bak på laurdagens 15 kilometer klassisk.

Sjølv med startnummer 36 var Sjur imponerande raskt oppe i teten. Klisterføre og mykje staking passar vossingen utmerkt. Likevel vart tempoet for høgt i innspurten, og Sjur enda på ein 5. plass, medan spurtsterke Johannes Høstflot Klæbo tok sigeren.

Verdscupen vert avslutta med 15 km jaktstart sundag ettermiddag.