...

Studerer for full musikk

Bergen (ANB): Musikk skjerpar konsentrasjonen. Mange studenter er glade for at det no er fatslått i ein doktorgradsstudie.

Publisert 19.02.2012 kl 13:22 Oppdatert 19.02.2012 kl 14:00

Tips ein venn på e-post:


– Musikk kan hjelpa læring gjennom eit stabilt lydmiljø, seier tidligare doktorgradsstudent Marie Strand Skåland, som nyleg avslutta ein doktorgradsstudie på bruk av Mp3-spelarar.

– Musikk i seg sjølv kan bidra til konsentrasjon fordi han gjev eit mer stabilt lydmiljø, og nokre opplever også at musikken gjev motivasjon og struktur til arbeidet. Musikken gkjev ein slags arbeidsrytme, seier Skåland til Studvest.

Ho meiner at fokuset på arbeidet faktisk kan verta betre gjennom bruk av musikk.

– Lyttaren klarer lettare å fokusera på arbeidet fordi ho skjermar seg fra omgjevnadene, både psykologisk og auditivt, meiner ho.

Skåland påpeikar også at det å sitja på ein lesesal med øyreproppar sender «ikkje forstyrr-signal» til andre rundt deg.

Sist fredag klokka 13.00 sat det elleve personar med høyretelefonar på biblioteket ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB), og fleire hadde sine liggjande ved sida av seg.

Sosiologistudent Lisa Weldhanna er ein av fleire studentar som høyrer på musikk på lesesalen. Ho meiner nyansane i musikken verker inn på konsentrasjonen.

– Den må vera litt rolig, utan høge lydar. Det er kanskje litt varierende kvifor ein høyrer på musikk på lesesalen, men eg gjer det for å overdøyva det rundt meg, seier ho til Studvest

For Weldhanna er det også en skilnad på kva ein faktisk les.

– Tunge originaltekstar i sosiologi krev meir ro. Det krev mer merksemd sidan språket er tungt, meiner sosiologistudenten.

Sosiologistudent Weldhanna meiner musikken gjer at ein held motet oppe, at lesinga vertr meir koseleg og generelt gjer noko med humøret, sjølv om tekstar i musikken kan verka forstyrrande.

– Tekstar eg fylgjer med på vert eit problem. Tekstar eg kan er ein fordel, meiner ho. (ANB)

Her kan du lesa mer om kva Skåland har funne ut om konsentrasjon og musikk på øyra

Mest lese no

...

Voss fall saman mot Øystese

Fotball Eirik Een og Voss kjempa jamt med Cato Guntveit og Øystese, men då Eirik Hauge vart utvist i 2. omgang fall Voss fullstendig saman. Les meir

...

- Me vil ha merksemd

Voss Saktekøyrde med traktor gjennom gatene og sperra inngangen til tinghuset med traktor og møkavogn Les meir

...

Ny aksjonssesong i Hardanger

Lokalnytt HARDANGER: Laurdag 19. mai går startskotet for ein ny sesong med aksjonar mot Statnett si kraftlinjebygging i Hardanger.Les meir

...

Bøndene sine prisar rasar

Forbrukar I løpet av dei siste 25 åra har prisane på norske bønder sine varer gått kraftig ned, utan at forbrukerane har merka noko til det. Les meir


Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Redaksjonen:

Konst.red.: Geir Geitle
Epost: gg@avisa-hordaland.no
Nettansvarleg: Jan-Egil Dyvik
Epost: jed@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.