Åndalsnes/Oslo (ANB-NTB): Laurdag vert opninga av strekninga Trollstigen-Geiranger markert - som nasjonal turistveg.
Det vert feira med to statsrådar til stades – og at eit fylgje tar seg over fjellet slik folk gjorde før vegen vart bygd.
Under den offisielle opninga klokka 12.30 laurdag deltar både samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp), i tillegg til fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal, Rauma-ordførar Lars Olav Hustad og vegdirektør – og tidlegare samferdselsminister – Terje Moe Gustavsen.
Romsdal Aktiv tar med seg eit fylgje på 20 personar for å visa korleis folk og fe tok seg fram over fjellet før bilvegen vart bygd. Utkledd som dåtidas bønder og hestehandlarar går tre guidar ein tur med interesserte på Kløvstien.
Den etter kvart berømte Trollstigveien med sine elleve buktande svingar vart opna i 1936, etter at Stortinget i 1916 gav klarsignal til bygging. Bygginga av sjølve fjellovergangen starta i 1928, trass i at mange meinte dette var rein galskap.
Det som no vert opna som nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen, er fylkesveg 63 mellom Langvatn på Strynefjellet og Sogge bru i Romsdalen, med ferje over Norddalsfjorden på strekninga Eidsdal-Linge. Strekninga er 106 kilometer.
Under opningsseremonien vert vegen mellom Isterdalen og Slettvikan halden stengd, opplyser Statens vegvesen. Det er likevel sett opp skyttelbussar både frå Åndalsnes skysstasjon og Valldal turistkontor til Trollstigplatået, der den offisielle opninga finn stad.
18 vegstrekningar her i landet har status som nasjonale turistvegar. (ANB-NTB)
Klikk her for å koma til andre Nasjonale turistvegar - som den i Hardanger