...
FAST: Ei kvinne sat fastklemd i bilen ho køyrde. Foto: KNUT MARKHUS

Fekk løpsk bil i fronten

BOLSTAD: Ei kvinne vart sitjande fastklemt etter ei trafikkulukke aust for Bolstadtunnelen litt før klokka 16.30.

Knut Markhus E-post
Publisert 29.06.2012 kl 19:25 Oppdatert 30.06.2012 kl 12:02

Tips ein venn på e-post:

Kring 17.30 vart ho frakta til Voss sjukehus i ambulanse.

Ulukka hende då ein bil som vart frakta i ein tilhengar fall av og traff ein annan bil, som vart knust i fronten. Kvinna som køyrde denne var ved medvit då redningsmannskapa fekk ho fri frå bilvraket.

Traff autovernet

Politiet melder at bilen oppå tilhengjaren glei av etter at bilen som drog biltilhengjaren kom borti autovernet. Den påfylgjande kollisjonen var kraftig. Bilen som vart treft, vart kasta ut i grøfta. Det tok om lag ein time å få den skadde bilføraren laus. Skadane hennar skal vera moderate.

Helikopter må stå

NRK melde litt før klokka 17 at E16 kjem til å verta stengd i fleire timar framover. Årsaka er at ambulansehelikopteret på staden tok borti ein brannbil då det skulle letta. Helikopteret får ikkje reisa frå staden før det er undersøkt av ekspertar.

Det er no organisert omkøyring med manuell dirigering gamlevegen mellom Bolstadøyri og Vassenden. Denne er ikkje tilgjengeleg for tyngre køyretøy.



På forsiden nå


...

Helsesam humor

Kultur Revygjengen i Haugsvik trør til igjen, med nye sprelske påfunn som gjer publikum "hoppande gla". Les meir

17.mai-foto Voss

...

Alle foto: Knut Saglien

Sjå bilete

Steinar i vegen

Lokalnytt Nokre steinar har rast ut i vegen mellom Brimnes og Eidfjord, men trafikken kan passera. Les meir

17. mai-foto

...

Epost:galleri@avisa-hordaland.no, MMS: 2005, kodeord hofoto

Sjå bilete
Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.