...
BOLSTAD: Flyteknikar Sven Erik Hansen frå Norsk Luftambulanse startar demonteringa av rotorblada på det mogleg skadde helikopteret natt til laurdag. Foto: Knut Markhus

Brannbil sneia helikopter

I samband med ei bilulukke ved Bolstadtunnelen fredag ettermiddag, kom ein brannbil borti ambulansehelikopteret som stod i vegbana.

Tips oss: Telefon: 47 47 18 83 E-post: tips@avisa-hordaland.no SMS/MMS: HOTIPS til 2005
Publisert 30.06.2012 kl 02:38 Oppdatert 30.06.2012 kl 12:06

Tips ein venn på e-post:

Klokka 01.15 natt til laurdag kom flyteknikar til staden for å hjelpa til med å flytta helikopteret.

– Me skal ta av rotorblada, heisa helikopteret opp på NAF-bilen og frakta det til basen vår i Bergen. Eg har sagt at det vil ta minst to timar, sa Norsk Luftambulanse sin flyteknikar, Sven Erik Hansen, då han starta demonteringa i natt.

Ramma rotoren

Det var full utrykning til bilulukka som vart meldt like før 16.30. Ulukka hende då ein bil som vart frakta i ein tilhengar fall av og traff ein annan bil, som vart knust i fronten. Ei kvinne vart sendt til Voss sjukehus, og skadeomfanget hennar er ukjent.

Under den omfattande redningsaksjonen kom den eine av brannbilane borti rotoren på ambulansehelikopteret, og dette får ikkje røra seg før ekspertise frå Oslo har saumfare det.

Lange køar

Alt i løpet av første timen etter ulukka, var det fleire hundre meter med kø på begge sider av ulukkesstaden. Det vart etter ei tid organisert omkøyring på gamlevegen mellom Bolstadøyri og Vassenden, og personbilar fekk etter kvart sleppa forbi ulukkesstaden.

Då vegen igjen vart heilt stengd klokka 01.15 stod det alt ein del vogntok og venta, og saman med nyankomne i køen måtte dei bu seg på nye timar på vent.

Liten smell, store konsekvensar

Flyteknikar Hansen måtte hentast frå Oslo, noko som er årsaka til at helikopteret vart ståande i vegen så lenge. Å flytta det utan at ekspertisen hadde sett på det, var ikkje aktuelt. Det er fabrikken i Tyskland som vil avgjera kva som vidare lyt gjerast med helkopteret, seier Hansen.

Konsekvensane vart dermed store etter ein augneblink med upresisjon frå brannbilføraren. Bilen kom borti rotorbladet med glaset på eine blålyset.

– Det var eit uhell, men på brannvesenet sine vegne kan eg berre beklaga overfor bilistane som no står i kø, sa vakthavende brannsjef på Voss, Arnfinn Halringjo, til bt.no etter hendinga.



På forsiden nå


...

Juniorlaget imponerte

Fotball Fbk Voss sitt juniorlag vann 3-1 over Hallingdal laurdag, og går dermed vidare til tredje runde i NM. Les meir

...

Helsesam humor

Kultur Revygjengen i Haugsvik trør til igjen, med nye sprelske påfunn som gjer publikum "hoppande gla". Les meir

17.mai-foto Voss

...

Alle foto: Knut Saglien

Sjå bilete

17. mai-foto

...

Epost:galleri@avisa-hordaland.no, MMS: 2005, kodeord hofoto

Sjå bilete
Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.