...
SJEKK BILEN: Det kan løna seg å sjekka at bilen din er klar til vinteren. Enkle grep kan hindra deg ubehagelege stogg når temperaturen nærmar seg 20 minus, meiner Inger Stalheim, dagleg leiar i Bilxtra Voss. Foto: Daniel Melve Kvarme

Er bilen klar for vinteren?

Små, enkle grep kan hindra ubehagelege stogg, startvanskar eller utforkøyringar.

Frode Rene
Frode Rene Profil E-post
Publisert 19.10.2012 kl 14:07 Oppdatert 25.10.2012 kl 11:10

Tips ein venn på e-post:


Slik unngår du biltrøbbel i vinter

  • Skift til tynnare olje
  • Sjekk kjølevæske
  • Kontrollér dekk
  • kontollér viskarar
  • Sjekk ljos
  • Smør dørlåsar
  • Silikonspray på gummilister
  • Voks bilen
  • Vask dekk
  • Sjekk batteriet
  • Kontrollér batteri
  • Spylarvæske
  • Byt drivstoffilter
  • Kjelde: Bilxtra, Voss

For no er vinteren i anmarsj. Torsdag kan det liggja kvitt på Vangen.

Les òg: No kjem snøen

Det store spørsmålet er om bilen din er klar til å takla dei store variasjonane som vil koma i temperaturar og ikkje minst om han er skodd for det varierte føret etter vegane.

– Det som er viktig er at batteriet er godt lada. Nyare bilar er fulle av elektronikk og krev mykje meir straum enn gamle bilar. Med kaldt vêr og mykje småkøyring, lyt bileigarar syta for at batteriet til ein kvar tid er lada tilstrekkeleg, for å unngå unødige og ubehagelege stogg eller startvanskar når det vert iskaldt, fortel Inger Staheim hjå BilXtra på Palmafossen.

Stalheim tykkjer jamnt over at folk har vorte flinkare til å passa på bilane sine og halda dei i orden.

På butikken hennar har ikkje vintersalet akkurat teke av så langt i haust, men ho er ikkje uroa.

– Så snart snøen kjem, eller teperaturen tek til å falla, er det full fart her, seier ho.

– Kva bør folk tenkja på å ha med seg i bilen om vinteren?

– Det kjem an på kvar du skal. Skal du til dømes over fjellet, er det mykje som er viktig å ha liggjande i bilen. Syt i alle fall for at drivstofftanken er så full som mogeleg. Du veit aldri om du vert ståande lenge i fjellet. Utan drivstoff kan det fort verta kaldt om du ikkje får ha motoren i gang, åtvara Stalheim.

I tillegg er ullpledd, gode klede og litt mat lurt og ha med.

Av tilleggsutstyr som er viktig å ha med, er spade og kjettingar.

Krav til vinterdekk

Frå 1. november kan du lovleg køyra med piggdekk. Du kan bruka piggdekk og kjettingar før den tid også, om føret krev det. Kravet om tilstrekkeleg veggrep veg tyngst. Det er du som sjåfør som lyt vurdera det. Når det gjeld dekk, skal mønsterdjupna vera minimum 3 mm uansett kva dekktype du har. Piggar er berre tillate på vinterdekk (unntaket er motorsykkel) Køretøy til og med 3500 kilo lyt ha piggdekk på alle hjul dersom du vel piggdekk.

(Kjelde: Statens vegvesen)

På framsida no


...

Gladkontroll på Kvåle

– Dette var jo ein utruleg flott kontroll, seier Asbjørn Jensen.

Stadig meir trafikk gjennom Vangstunellen

Fredag før palmehelga er så langt travlaste dag for påsketrafikken gjennom Vangstunnelen.

...

Kolonne på Vidda

Ifylgje Vegtrafikksentralen vert riksveg 7 opna for kolonnekøyring klokka 19.

...

R13 er opna att

Mannskap frå Voss Lensmannskontor og lokale hjelpekorps var i arbeid på rasstaden ved Holo like til klokka 05 i natt, no er vegen opna att.