...
GRØNT: Ingebjørg Winjum ynskjer å styra ein kommune der jordvern vert sett høgt. Foto: Sigrid Seim

Motivert for å styra Granvin

GRANVIN: Ingebjørg Winjum har solid fartstid som politikar, og er no motivert for ordførarjobben i Granvin. Etter å ha hatt pause frå alle politiske verv, er ho no motivert for ein ny innsats for Granvin, som folkevald.

Sigrid Seim E-post
Publisert 10.09.2011 kl 20:37 Oppdatert 11.09.2011 kl 15:24

Tips ein venn på e-post:

...
GRØNT: Ingebjørg Winjum ynskjer å styra ein kommune der jordvern vert sett høgt. Foto: Sigrid Seim

– Eg er veldig motivert for ordførarjobben. Men så må ein også ha magemål! Venstre har trass alt berre hatt ein representant i heradsstyret dei siste åra. Så først må ein sjå valresultatet, og etterpå eventuelt forhandla.

Vanskeleg å spå

Valresultatet er som kjent veldig ope i Granvin, når Ap ikkje stiller liste. Listetoppen for Venstre frontar eit valprogram som legg vekt på det same som dei andre partia i kommunen, nemleg folketalsutvikling og bustadtilbodet. Arbeidet for å få fleire tilflyttarar må halda fram, og gode tenester og tilbod til småbarnsfamiliar vert viktig.

LISTETOPPEN

NAMN: Ingebjørg Winjum
Parti : Venstre
Yrke: Sosionom
Alder: 59 år
Adresse : Såkvitne, Øvre Granvin
Viktigaste sak: Å auka folketalet

Heradet treng både bustadtomter og utleigebustader å tilby. Partiet ynskjer at det vert etablert eit kommunalt kultur- og næringsfond. No har heradet tilgang til midlar, og av dette bør det brukast til folk som har idear, og til å styrkja tilboda frå idrett og kulturliv.

– Trivselen er også viktig for å få folk til å verta buande i Granvin.

Globale omsyn

Partiet skil seg mest ut på punkta som gjeld miljøvern og jordvern, trur Winjum. Sjølv brenn ho for jordvernet, fordi lokale politikarar også har eit ansvar for å tenkja globalt. Det gjeld matvaresituasjonen i verda, og matvareforsyninga i vårt eige land, understrekar ho.

Kraftutbygging kan koma til å verta eit spørsmål som dei lokalt må ta stilling til. Også her rår Ingebjørg Winjum til å ha litt magemål.

– Me må vera nyanserte, og passa på at me har att noko. Dei små elvane er også ein viktig del av fjordlandskapet. Det vert ei avveging av interesser.

Nye grenser?

Gjennom arbeidet sitt ser ho at kommunane får nye utfordringar med samhandlingsreforma. Granvin kan klara ein del av desse oppgåvene, men må også samarbeida med andre. Winjum ser at partiet hennar ynskjer større kommunar. Ho ynskjer at Granvin held fram som eigen kommune, men er redd at det kan verta vanskeleg om utviklinga held fram som no. Difor må ein også vera villig til å diskutera kommunestrukturen.

Mest lese no

...

Møk på avvegar

Nyhende - Heilt forferdeleg, seier bonde Arnfinn Gjerdåker, etter at ein gjødselkumme har kollapsa på garden hans.Les meir

...

Trailerar i grøfta

Trafikk VOSSESTRAND: Onsdag morgon sklei ein norskregist-rert trailer av vegen ved Tvinne. Les meir

...

- Aldri opplevd det verre

Trafikk Viking Redningsteneste har sidan kl 02 i natt jobba med å få trailerer opp att på vegen. Dei første hamna i grøfta ved byrjinga av Åsbrekkegjelet - 1 km nord for Tvinne på E16. Les meir

...

Rasfare flytter kolonne-kø

Trafikk VALLAVIK: Vegvesenet har fått varsel om rasfare, og flyttar oppstillinga for kolonna i Vallavik. Les meir


Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

TIPS OSS

Vakttelefon redaksjon: 4747 1883
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30

Redaksjonen

Redaktør: Sigmund Midttun
Epost: smi@avisa-hordaland.no
Nettansvarleg: Jan-Egil Dyvik
Epost: jed@avisa-hordaland.no

ANNONSE OG ABONNEMENT

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.