HEIMEFAVORITT: Klaus Finne gler seg til å ta imot verdseliten på heimebane. FOTO: NORSKI

Akrobatane tek over Myrkdalen

Klaus Finne får tøff kamp i verdscupen på heimebane. Til Myrkdalen kjem sterke utøvarar som Henrik Harlaut og Eirik Sæterøy.

Publisert 18.03.2017 kl. 14.30. Oppdatert kl. 07.39.

Svenske Henrik Harlaut vann nyleg gull i X Games på Hafjell framfor den norske kometen Eirik Sæterøy. Begge desse er mellom favorittane i eit sterkt startfelt under verdscupen i Myrkdalen komande fredag.

- Henrik Harlaut er nok den store favoritten. Men det er jamt og mange gode utøvarar som kan gå heilt til topps i verdscupavslutninga i Myrkdalen, seier Klaus Finne. Vossingen kom seg ikkje vidare frå kvalifiseringa­ i X Games på Hafjell. Tidlegare i vinter køyrde han finalen i X Games i Aspen.


Gode nordmenn

Klaus Finne er heimefavoritten som absolutt kan ta sigeren fredag.

- Eg har ikkje hatt den heilt store sesongen. Eg har køyrt gode konkurransar, men eg manglar pallen. Det handlar litt om uflaks og litt om at dommarane ikkje set pris på triksa mine. Eg må finna på noko nytt til verdscupfinalen, seier Finne.


Det beste laget

Mellom dei argaste utfordrarane til vossingen er fleire gode nordmenn. Noreg har det klart beste laget i Big Air i Myrk­dalen.

- Unge lovane Birk Ruud kan gå heilt til topps. Han er ein spennande utøvar, seier Klaus Finne.

James Woods frå Storbritannia er eit anna sterkt namn på startlista til verdscupfinalen.


Spektakulær bakke

- Eg gler meg til å få køyra i bakken. Fyrste treningsdagen er onsdag. Men bakken må nok testast tysdag, seier Klaus Finne. Bakken vert ferdigstilt sundag og måndag.

Big Air-bakken vert bygt i snø like ved Myrkdalen Hotell. Her vil hopparane nærmast sveva over taket på hotellet.

- Det vert skikkeleg tøft, seier Finne. No er han oppteken av at vossingane stiller opp og ser renna under verdscupen.


Kvalifisering

- Spesielt viktig er det at folk stiller på fredag då finalen i verdscupen går. Dette blir show. Så det er berre å reisa rett frå skule eller jobb til Myrkdalen, oppmodar Klaus Finne.

Men alt torsdag er det action i bakken. Då er det kvalifisering. Der dei beste går vidare til finalen­ fredag. Og laurdag er det sett opp lagkonkurranse, men denne kan bli endra.

NRK TV sender live frå Myrkdalen.