Sekstimarsdag i omsorgssektoren

Kvinner i omsorgsyrke gjer nokre av samfunnets viktigaste og tyngste oppgåver. Mange av dei kvinnedominerte yrka vert prega av høgt sjukefråvær og mange deltidsstillingar.

Publisert 15.03.2011 kl. 09.58.

Raudt vil innføre sekstimars arbeidsdag med lønskompensasjon for å bøta på desse problema og for å syna sette kor viktige desse arbeidsgruppene er.

I Norge tener kvinner kun 2/3 pst av det menn tener. Dette heng mellom anna saman med at heile 41 pst av kvinner i arbeidslivet jobbar deltid. For å oppnå likeløn i Norge er det avgjerande at fleire kvinner får auka sine stillingsprosentar. Innan omsorgssektoren er det i dag svært få heiltidsstillingar, sjølv om me alle veit at dei pleietrengande har behov for pleie heile døgeret, og ikkje berre mellom ni og fire.

Å jobbe heiltid betyr derfor ofte for denne arbeidsgruppa å jobba skift og å jobba i helger, kvelds- og nattevaktar. Alle som har forsøkt seg på turnusarbeid av denne typen veit at det ofte er ei utfordring å kombinera ein slik arbeidskvardag med familieliv. Løysinga for svært mange vert då deltidsarbeid. Ifølge tal fra SSB arbeidar éin av ti deltidstilsette ufrivillig deltid. Det vil sei at dei ynskjer ein høgare stillingsprosent, men ikkje har høve til dette. Av dei som arbeider ufrivillig deltid er heile 77 pst kvinner.

Omsorgsyrka er ofte fysisk tunge og dei tilsette si nære tilknyting til dei pleietrengande gjer at mange i realiteten ofte arbeider meir enn det dei har helse til. Sjukefråveret er derfor stort. Raudt har tru på at ein innføring av sekstimarsdag med lønskompensasjon kan vere ei løysing på utfordringane i sektoren. Sekstimarsdag vil gje ein kompensasjon for «vanskelege » arbeidstider og føra til at fleire arbeider heiltid. Kortare arbeidsdag betyr meir tid til kvile og restaurering. Me trur at dette igjen vil føra til lågare sjukefråver og auka trivsel både for tilsette og pleietrengande.

Tidlegare forsøk med 6 timars normalarbeidsdag har synt både i Norge og i andre land at produktivitet og trivsel aukar medan sjukefråveret går ned. Raudt ynskjer no setja fokus på slitarane i kommunal sektor, og ynskjer å oppnå likeløn mellom menn og kvinner. Sekstimarsdag kan vera et viktig steg i retning av eit meir likestilt og sunt arbeidsliv.