Braksuksess for fiksgatami.no

Vossingane har verkeleg kasta seg over den nye nettstaden fiksgatami.no

Publisert 16.03.2011 kl. 15.18. Oppdatert kl. 15.26.

Sidan tiltaket vart opna sist veke, er heile seks ulike vegproblem rapporterte inn til nettstaden – som lovar å vidareformidla alle innspel til rette vedkomande.

Seks ulike problem

På Vangen er det blitt rapportert inn hol i asfalten to stader i Uttrågata og i tillegg store groper i asfalten ved jernbaneundergangen i Ringheimsvegen. På E16 i Strandavegen er asfalten i oppløysing rundt fleire av kummane, og oppe i Sivlevegen er asfalten borte etter eit tidlegare gravearbeid.

Den sjette og siste innrapporterte vegskaden i Voss kommune er på Bolstad, langs gamlevegen forbi skulen, der «man subber nedi i midten alle stader. Ingen utbedringer siden 1980» – i fylgje meldaren.

– Glade for innspel

Både kommunalsjef Torbjørg Austrud i Voss kommune og byggjeleiar Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen seier seg glade for innspela på den nye nettstaden – og lovar å ta alle klagemåla på alvor.

– Me kan lappa i hola no. Ny, permanent asfalt kan likevel ikkje leggjast før til våren, når telen er ute or jorda, gjer Aldal klart.