FLAUMEN GÅR: Flaumvatn over vegen er eit stort problem for ferdsla akkurat no, slik som her på Vetleflaten.

Reine rushet til fiksgatami.no

VOSS: Tette avløpsrister i Lunden, spinnglatt fortau på undergang i Strandavegen – og skarpt hol i vegbanen ved Skule-stad skule.

Publisert 21.03.2011 kl. 21.27. Oppdatert kl. 21.30.

Nettstaden fiksgatami.no har no meir enn 20 klagemål frå misnøgde innbyggjarar på Voss.

Grendene kjem etter

Sjølv om dei fleste innrapporterte sakene kjem frå Vangen og nærliggjande område, kjem det no ei rekkje klagemål frå grendene òg.

På Dalanevegen, rett forbi krysset mot Seimsgrend, kjem fylgjande rapport: Vegen er trafikkfarleg. Hol i vegen, telehiv, manglar asfalt. På høgre side frå Bulken og opp mot Dalane er det nesten ikkje mogleg å køyra. Grunna mangel på veg.

Frå Vestbygda lyder klagemålet slik: Svært glatt i Brendebakkane. Går ikkje an å føta seg. Er tilførselsveg for E16 frå Vestbygda, og gang-veg frå busstopp Vassendakleiva til Flage. Også stor fare for issprang langs vegen parallelt med E 16.

Frå Kyte er meldinga slik: Forbi Langbrekk opp mot Lemme skulle sikringa vore mykje betre. Låg støypekant rett utfor eit stup. Dette er ein skuleveg. Har sett elevar gå opp på denne muren, er redd det kan gå gale ein dag!

Er no fiksa…

Og det skulle ikkje undra oss om det dukkar opp mange nye saker på fiksgatami.no i løpet av kvelden og morgondagen etter alt regnet som no fløymer over bygda.

Alle saker som vert melde inn til nettstaden fiksgatami.no, går vidare til rette vedkomande i Voss kommune, Statens vegvesen eller andre ansvarlege instansar.

For ei av dei innrapporterte sakene frå sist veke, ei attgløymd gravema-skin som hindra trafikken nedst i Gamle Bordalsvegen er fylgjande melding no kome inn:

«Saken er løst. Bra!»

Ikkje vanskeleg å gje tilslutnad til den attesten.