Treng 600.000 kr til Haugesenteret

Nynorsk kultursentrum legg opp til ei drift av Haugesenteret i Ulvik neste år med inntekter på 5,7 mill. kr.

Publisert 06.08.2011 kl. 17.12. Oppdatert kl. 17.20.

Frå heradet søkjer Nynorsk kultursentrum om eit tilskot på 600.000 kr.

Inntekter på 5,7 millionar kroner

Då er verdien av gratis husleige rekna inn, med 132.000 kr. Talet er sett ut frå marknadsprisen for leige i Ulvik sentrum. I løyvingar over budsjettet er det dermed bruk for nær 500.000 kr.

Driftsbudsjettet for neste år baserer seg på inntekter på 5,7 mill. kr. Staten skyt inn 60 pst av dette, regionen må stå for resten, er planen.

Omarbeidd budsjett

– I søknaden for 2011 la me fram eit treårig arbeidsbudsjett med atterhald om at tala for 2012 og 2013 kunne bli reviderte i seinare søknader. Det har me gjort no, heiter det i søknaden som er underskriven av styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal, og direktøren, Ottar Grepstad.

At neste års budsjett ser ut til å verta meir ekspansivt, kjem av investeringa i basisutstillinga, men også fordi dei elles er i oppbyggingsfasen, forklarar dei.

Har alt brukt millonar

I budsjettet er det lagt inn kostnader med å investera i interiør og basisutstilling. På dette punktet reknar dei ikkje med vidare tilskot frå heradet.

Ulvik har alt brukt nær fire millionar på utbetring av den delen av bygget som Olav H. Haugesenteret disponerer.