Johaug får dialektpris

(NPK-NTB): Langrennsløparen Therese Johaug har fått Dialektprisen 2011 av Norsk Målungdom.

Publisert 22.12.2011 kl. 09.25.

Prisen blir delt ut til offentlege personar som har utmerkt seg positivt ved å bruke sin egen dialekt.

– Ho har gjort dialekten frå Dalsbygda til ein del av varemerket sitt og er eit fantastisk førebilete for ungdom over heile Noreg. Kvar gong ho kjem til orde på TV eller radio viser ho fram dialektmangfaldet i Noreg på ein glimrande måte, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom.

Dialektprisen har vore utdelt av Norsk Målungdom sidan 2001. Blant tidlegare vinnarar finn vi blant anna Eli Kari Gjengedal, Linda Eide, Are og Odin, Lars Vaular og Ravi. (©NPK)