Eit flott resultat av fudgeoppskrifta!

Julefudge

I førjulstida er det mykje førebuing i heimane. Her finn du ei knallgod fudgeoppskrift, som hos nokre har vore tradisjon i lang tid. Fudge passar perfekt som juleknask.

Publisert 23.12.2011 kl. 09.37. Oppdatert kl. 12.05.

Ingrediensar:

  • 50g margarin
  • 450g sukker
  • 3dl fløyte
  • 1 ½dl heilmjølk
  • 3ss smak (for eksempel kaffi, valfritt)
  • 225g sjokolade (anbefalar mørk sjokolade)
  • Framgangsmåte:
  1. Legg bakepapir i ei ikkje altfor stor, firkanta form, minst 15cm djup.
  2. Hakk sjokoladen og legg den i botnen av forma.
  3. Ha sukker, fløyte, smør, mjølk og eventuelt smakstilsetjing i ein kjele med tjukk botn.
  4. Varma opp under svak varme. Rør av og til.
  5. Varm opp innhaldet til kokepunktet og kok det vidare til massen er tjukk og har fått ein brunare farge, i ca. 45-60 min. Rør om av og til for å hindra at massen svir seg.
  6. Hell massen i den firkanta forma når den har fått ein tjukk konsistens, og sett den til kjøling. Når massen har stivna, kan ein ta den ut av forma og dela den i firkanta bitar.
  7. Sjokoladen i botnen kan bytast ut med 115g hakka nøtter dersom ønskjeleg.

God jul og godt år!


Siste saker Gå til framsida

Minnekamp på Olabanen

Klubbane der Ola Egge Ødegaard spela A-lagsfotball, Voss og Fjøra, møtes på Olabanen i kveld.

Folkefest for Hustveit si framtid

Helge Jordal storspelte då nesten 200 hadde teke turen til Hustveit gard. Framsyninga onsdag er starten på redninga for den verneverdige garden.

Syng for Helgatun

Då Marit Andresen Røen runda 50 samla ho inn 90.000 kroner for Helgatun. No håpar ho å gje ei endå større gåve med jubel- konsert som 60-års- markering.