Mediefaget, faget utanom det vanlege!

Er du interessert i praktisk arbeid på skulen? Likar du å filma, ta bilete og redigera?

Publisert 09.01.2012 kl. 12.00. Oppdatert kl. 12.04.

Då er medie- og informasjonskunnskap noko for deg!

I mediefaget gjer me litt av kvart. I faget vert teori kombinert med mykje undervisning utanfor skulestova. I timane er me ofte ute og fotograferer, tar opp filmar og lyd, og etterpå lagar me eit ferdig produkt ved hjelp av ulike redigeringsprogram. Ein del av faget er òg å sjå film, og etterpå analysera den. Me har også eit tett samarbeid med lokalavisa Hordaland.

Medieklassen har fått høve til å skriva tekstar som vert publiserte på nettutgåva til Hordaland.

Dette er veldig kjekt og lærerikt!

Er det noko av dette som passar deg, så oppfordrar me deg til å velja dette faget i Vg2!


Siste saker Gå til framsida

Klokkeklart i Sparebanken

Osafestivalen: Fivil er Vinje-dialekt for myrull, men det var ikkje mykje ullent over lunsjkonserten i Voss Sparebank.

Mykje regn i vente

I oktober regn og rusk, heitte dei i den gamle barnevisa, og i år stemmer det spesielt godt.