Camilla Standal er klar til å halda føredrag for interesserte elevar.

Tid for meir utdanning

Onsdag 25. januar var det presentasjon av ulike universitet og høgskular på Voss gymnas.

Publisert 25.01.2012 kl. 15.12. Oppdatert kl. 15.13.

Elevar frå ulike skular kom og høyrde på representantar som fortalde om ulike studietilbod.

Frå branningeniør til musikklærar

Dagen byrja med at alle var i gymsalen. Vidare fekk elevane lov til å velja kva for nokre skular dei ville vita meir om. Me gjekk til eit klasserom, der ein student frå Høgskulen Stord Haugesund presenterte ulike tilbod, og det gjekk i alt frå branningeniør til musikklærar.

Det var eit stort mangfald av både skular og tilbod denne dagen. Føredragshaldarane var tydeleg interesserte i å fortelja elevane om ulike retningar, og ein kunne få tilsendt meir informasjon på e-post, om ein ville det.

Høgskulen NLA i Bergen

Me snakka med Camilla Standal, som representerte høgskulen NLA i Bergen. Ho er opphavleg frå Lillestrøm, men bur og studerer i Bergen. Dagen hennar på Voss gymnas hadde vore kjekk. Hennar jobb denne dagen var å prøva å få folk til å søkja på NLA.

Ho kunne også fortelja at elevane ved skulen fekk velja kor mange veker dei hadde lyst til å vera med å representera skulen. Ho sjølv hadde valt å reise rundt i tre veker, for å representera NLA.

På NLA kan ein utdanna seg til lærar og studera kristendom. Det er ein kristen privatskule, men open for alle. Det er ein liten skule, og alle blir sett.

- Dersom ein møter på læraren sin i gangen, helser han, og spør kanskje om du vil bli med og ta ein kaffi i kantina, forklarer Camilla og smiler.

Lærerikt

Alt i alt var det ein lærerik dag, med masse informasjon. For mange var dette ein viktig dag.

Det var kanskje ikkje så mange som hadde tenkt over kva dei vil, før dei såg alt dei kan gjera - på ein dag som denne?

Me i Vg2 ønskjer alle lykke til med valet av vidare utdanning!


 

Siste saker Gå til framsida