26 stader får nye postnummer i år

(NPK-NTB): 26 større tettstader og mindre byar blir 1. oktober i år delt inn i fleire postnummer.

Publisert 22.02.2012 kl. 13.25.

Posten innfører fleire postnummer for dei 26 stadene for å få betre og meir effektiv sortering og distribusjon av brev og pakker.

– Større byar i Noreg har alt ei inndeling med bruk av fleire postnummer. No har veksten i folketal gjort det nødvendig med meir detaljert inndeling fleire stader, opplyser Posten.

Utrekningane til Posten viser at 108.000 husstandar og 12.000 verksemder kan bli berørt av endringane. Ein del av desse vil likevel behalde dagens postnummer. Posten tek i nær framtid kontakt med dei berørte kommunane. Den endelege inndelinga skal vere klar 1. juni.

Dei berørte postnummera og stadene er: 1440 Drøbak, 2050 Jessheim, 2380 Brumunddal, 3080 Holmestrand, 3400 Lier, 3408 Tranby, 3800 Bø i Telemark, 4050 Sola, 4056 Tananger, 4085 Hundvåg, 4340 Bryne, 4370 Egersund, 5200 Os, 5300 Kleppestø, 5700 Voss, 6100 Volda, 6150 Ørsta, 6800 Førde, 7500 Stjørdal, 7600 Levanger, 7650 Verdal, 7800 Namsos, 8400 Sortland, 8800 Sandnessjøen, 8900 Brønnøysund, 9100 Kvaløysletta. (©NPK)


Siste saker Gå til framsida

Godkjenner ikkje 37,8 grader

Nesbyen har framleis den norske varmerekorden. Ulvik si måling frå 11. juli i år, på 37,8 grader, er no offisielt stroken.

- Tett på folk sin kvardag

- Gjennom jobben som jordskiftedommar håpar eg å gjera endringar som gjev folk ein betre kvardag, seier Cathrine Liss Hoddevik.