Nesten fire månader hjortejakt til hausten

Frå og med dette året gjeldnye fangsttider. Det vil seia at hjortejakta startar 1. september og varer til og med veslejolaftan.

Publisert 13.03.2012 kl. 11.00. Oppdatert kl. 11.55.

Det melder Terje Danielsen Kvamme, fagkonsulent for skogbruk/ vilt i Vaksdal kommune.

Auke i bestanden

Han viser til fagbladet Norskog, som har skrive om dei nye jakttidene. Der det heiter at jakttida for hjort vert utvida som eit verkemiddel for å regulera bestanden. Gjennom høyringsprosessen før dei nye jakttidene vart sette, kom det innspel om utvida jakttid for elg også, sjølv om ikkje dette var tema for høyringa.

Ikkje det same for elg

Det er ikkje dei same utfordringane knytt til elgforvaltinga, sidan bestanden er relativ stabil og ein har god kontroll på den gjennom avskytinga, meiner DN. Norskog har i si høyring argumentert for at utvida den ordinære jakttida for elg med ein månad – frå 25. september til 30. november.

– Men det har vore ein stor auke i hjortebestanden frå 1990 og fram til i dag. Det har ført til større utfordringar når det gjeld forvaltinga, skriv Direktoratet for Naturforvalting (DN).

Jakttida inga avgrensing

For å imøtekoma behovet for auka uttak av hjort, utvidar DN den ordinære hjortehaka både i forkant og etterkant. Den nye jakttida, frå 1. september til og med 23. desember, er sett for å unngå at sjølve jakttida skal verta ein avgrensande faktor for å få kontroll på utviklinga i hjortebestandane, heiter det.jed@avisa-hordaland.no


 

Siste saker Gå til framsida

94 km/t i 60-sona

Bilisten fekk beslaglagt førarkortet etter fartsoverskridinga i Skulestadmoen.