Berit Einemo Frøysland, Bjarne Bjørnevik og Maria Folkedal skreiv dei beste nynorske hovudstilane i fjor.

Granvinsjente skreiv ein av Noregs beste stilar

Det går an å få betre enn 6 i karakter på eksamen. Berit Einemo Frøysland, Bjarne Bjørnevik og Maria Folkedal, sistnemnde frå Granvin, har klart det.

Publisert 24.05.2012 kl. 20.41. Oppdatert kl. 20.51.

Klikk her for å gå til framtida.no

Fridtjov Oos’ legat 2012 er tildelt Maria Folkedal, Berit Einemo Frøysland og Bjarne Bjørnevik. Dei tre er valt ut mellom 25 nominerte som alle fekk karakteren seks på nynorsk hovudmålseksamen.

Eksklusiv gruppe

I tillegg til 5000 kroner får dei bli med i ei eksklusiv gruppe av tidlegare vinnarar av legatet, som inkluderer mellom anna Einar Førde, Ottar Grepstad og fleire forfattarar og politikarar.

– Når det gjeld skriftstykke av den typen vi her har å gjera med, der oppgåva i utgangspunktet bind skribenten, har dei som skil seg ut først og fremst ei særskild evne til å forma ein tekst, med analytisk driv og språkleg musikalitet og presisjon. Og gjerne vågemot til å heva seg over utgangspunktet, til å svara også på det oppgåva ikkje eksplisitt spør om, sa Svenn Fosseng frå juryen då han delte ut prisen nyleg.

Han sa også at vinnarane har ein lovande mangel på autoritetsskrekk.

Brenn for nynorsken

– Det var veldig oppmuntrande og inspirerande for meg å vinna prisen, sjølv om det er rart å tenkja på at eg er mellom dei tre beste i nynorsk i mitt eige kull – har på ein måte ikkje heilt skjønt det! Det er jo så mange flinke der ute! skriv Maria Folkedal frå Granvin til Framtida.no.

– Eg synest det er ekstra gjævt at det var snakk om akkurat nynorskeksamenen, for eg brenn veldig for å ta vare på nynorsk. Det er eit veldig fint og varmt skriftspråk som blir undervurdert av altfor mange! Skrivegleda er òg på topp!

Voss Gymnas på topp

Maria Folkedal var avgangselev på Voss Gymnas i fjor. Ingen andre skulestader i Noreg har uteksaminert så mange vinnarar av Fridtjov Oos’ legat.

I år har ho tatt seg eit år på vokallinja ved Follo Folkehøgskule. Og til hausten har ho søkt seg inn på journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Dersom det ikkje blir aktuelt endar eg opp på lektorutdanning med integrert master i nordisk, med sidefag i historie. Eg håpar på å kunna halda fram å skriva, enten det vert som journalist eller på andre måtar. Kanskje endar eg opp som norsk- og historielærar i staden. Det vil framtida visa.

Klikk her for å gå til framtida.no


Kultur

- Yes, der fekk du den, Bach

Bjørg Aurora Ringheim Tveit var mellom dei mange ungdomane som imponerte under Ungdommens kulturmønstring. Sjå biletserie!

Vårlege vibbar i galleriet

Glade pingvinar, bestemte sauer og inspirerande kvinner­. Biletkunstnar Ingri Egeberg opnar no seperatutstilling i Galleri Finborud.

Siste saker Gå til framsida

Kampen om monsteromgrepet

- Kvifor vart ikkje Hardangerbrua ei «monsterbru» når mastene vart «monstermaster»? Tysdag kveld vart mastesaka debattert i Voss Kulturhus.

Minst nøgde med maten

Bebuarane på kommunale eldreinstitusjonar er stort sett nøgde med tilbodet dei får, mange er likevel ikkje nøgde med maten.