DUO: Kjetil Dyrvik (til høgre) var den raskaste i herreklassen, 11 sek føre Kim Are Bull-Hansen

Kjetil Dyrvik raskast i Blømingsmile

Kjetil Dyrvik sprang laurdag Blømingsmile fortast av alle.

Publisert 25.05.2013 kl. 16.19. Oppdatert kl. 16.25.

Blømingsmile har start i Lofthus og mål i Kinsarvik, ein avstand på rundt 10 km. Løpet bar forresten namnet sitt med rette, då det bløminga er godt i gang langs løypetraseen.

Næraste Dyrvik kom Kim Are Bull-Hansen, med tida 36,19.

- Eg har vunne før, men då var eg noko yngre, og sprang fleire minutt fortare, er den kjappe kommentaren frå Dyrvik etter målpassering.

Hilde Underdal var kjappast av damene, ho var nøgd med løpet sitt, men har også gjennomført det på betre tid enn i år, fortalde ho etter å ha passert mål.

Det var 128 påmelde til løpet i år, opplyser Inge Kristoffersen i Harding IL, som står for arrangementet. 142 sprang i fjor, og Blømingsmile vart skipa til for fyrste gong i 1983, då med Jon Aske som vinnar.

Klikk her for å finna fullstendig resultatliste finn ein på quicktiming.no


Siste saker Gå til framsida

- Treng full samling bak K5

VOSS: Den såkalla KVU-en - konseptvalutgreiinga for ny E16 og jernbane mellom Arna og Voss - ligg no ute til høyring.

Far fengsla for vald mot spedbarn

Ein mann i 40-åra vart tysdag fengsla mistenkt for vald mot det seks veker gamle spedbarnet sitt. Han og mor til barnet vart arresterte natt til sundag, i...

Berre nesten for Therese

Therese Wigstrand frå Voss nådde ikkje heilt opp, men nesten, då Innovasjon Norge kåra Årets gründerkvinne tysdag.