OPNE FOR ALT: Tanja Borge (t.v.) og Jill Garen lovar spennande opplevingar under den fyrste Alternativmessa i Myrkdalen nokon gong. Det er fire år sidan sist det var alternativmesse på Voss. – Men folk si nysgjerrigheit på åndelege dimensjonar har ikkje vorten mindre i seinare år, seier Garen.

Lovar åndelege seansar i Myrkdalen

Du kan bli spådd om framtida di. Eller du kan få kontakt med ein avdød.

Publisert 09.10.2013 kl. 21.38. Oppdatert kl. 07.51.

Dei «lilla damene» lovar sterke scener og åndelege seansar på alternativmessa i Myrkdalen.

Jill Garen og Tanja Borge har etter kvart vore på mange alternativmesser, og kjenner seg trygge på at dei som møter med ope sinn vil kunna få sterke og heilt spesielle åndelege opplevingar i Myrkdalen den siste helga i oktober.

– Folk kallar oss berre dei lilla damene, fortel Jill Garen.

– Ikkje berre for at me har lilla skjerf. Men me er jo litt alternative. Har vore det i mange år, seier

ho.

Dei er nysgjerrige og opne på opplevingar som ligg i det ukjente, mellom himmel og jord.

13-ÅRING FRÅ EI ANNA TID. Tanja kjem sjølv til å stilla på messa med tarotkort, klar for å hjelpa folk til å tolka teikn som kan vera viktige for liv og framtid.

Med seg på laget har damene mellom anna ein akupunktør, ein rosenterapeut, Gro Karin Fosse frå Dale som er medium og Asbjørn Finne som mellom anna har røynsle med å driva ut vonde ånder frå hus. I tillegg lovar dei både show og underhaldning når engelskmannen, og mediet, Nick Humphrey kjem.

– Han er ein showmann, fortel Garen begeistra.

– Vil det seia at publikum kan koma til Myrkdalen og få kontakt med døde slektningar og vener?

– Det kan henda, seier ho.

– Det har vorte mykje meir openheit om desse tinga i seinare år, seier Garen. Og Borge fylgjer opp med å fortelja at ho har møtt ein person frå ein annan dimensjon.

– Det skjedde under ein seanse på Hanseatisk museum i Bergen, i 2008. Eg hadde ikkje venta å oppleva noko som helst, men eg fekk ei heilt klar kjensle over denne guten.

Ein 13-åring som hadde levd i det huset for lenge sidan, like etter hansatida. Han viste meg rundt i huset, og viste meg kvar han kunne gå og kvar der var forbode for han å vera. Det var heilt merkeleg, men ikkje skremande, fortel Borge.

Ho var litt spent på korleis folk ville reagera fyrste gongen ho fortalde om opplevinga si, men vart berre møtt med open nysgjerrigheit.

SEANSE UNDER OPEN HIMMEL. – No gler me oss berre til messa og håpar mykje folk, mange hundre, finn vegen til Myrkdalen og vil delta, seier Garen.

Ho er sjølv aller mest spent på det som skal skje på kveldstid. Det er nemleg planlagt eiN utandørs seanse med Asbjørn Fenne.

– Han reinsar folk frå ånder og energiar som klebar seg til deg og sug energi, slik at folk skal sleppa å ha dei hengjande ved seg. Eg trur dette vil verta heilt spesielt.

Tenkt deg ein seanse ute, under mørk hausthimmel i Myrkdalen, seier Garen.

– Kor mykje folk kjem det?

– Det veit me ikkje heilt, seier Borge.

– De som ser og spår og kan sjå inn i framtida, må vel kunna sjå kor mange som kjem?

Dei ler, begge dei lilla damene.

– Det er ikkje så lett, vedgår Borge.

– Hadde det vore så enkelt, ville me hatt rette tal i Lotto heile gjengen.


Siste saker Gå til framsida

Tek tingingsverket heim

- Det er ganske unikt å få til ein turne som den eg no legg ut på. Derfor er eg også svært glad for at han startar på Voss.

Alle vil ha Vossabadet

Vossabadet blir bygt. Kommunestyret gav i dag samrøystes ja til planane om eit splitter nytt symjeanlegg.

Hedvig midt i mellom

Under bakken på Vangen kan du sjå bilete frå undergrunnen i New York. Kunstnar Hedvig Thorkildsen utforskar uro og rørsle rundt seg, der ho sjølv står...

Teken med 20.000 pillar

Ein 27 år gammal mann er dømt til fengsel i to år og sju månader, etter at han vart teken med 20.000 tablettar og nærmare ein kilo marihuana på Voss i...