Rusmisbrukarar til Stortinget

(NPK-NTB): Måndag demonstrerer rusbrukarar og deira pårørande mot kriminaliseringa av rusmisbruk. Same dag vert også juleboka til rusmisbrukarane lansert.

Publisert 18.11.2013 kl. 08.48. Oppdatert kl. 08.49.

Stoffmisbrukarar, deira representantar og pårørande har varsla at dei vil gå i eit demonstrasjonstog frå Jernbanetorget til Stortinget i Oslo.

Hensikta er å protestere mot kriminaliseringa, krevje forsøk med heroinassistert rehabilitering og meir til behandling og ettervern.

Arild Knutsen, som leier Foreningen for en human narkotikapolitikk, seier at brukarane og deira pårørande også protesterer mot at Fransiskushjelpa si sjukepleie på hjul vert lagt ned.

– Dei som har problem med andre rusmiddel enn tobakk eller alkohol, vert stadig utsett for undertrykking av styresmaktene, men det er ei utvikling på gang. Problem med stoff er no også å rekne som ein sjukdom, seier Knutsen i ei pressemelding.

Foreningen for en human narkotikapolitikk er invitert av Arbeidarpartiet til Stortinget. Måndag skal også =Oslos Julebok lanserast. Under denne lanseringa er statsminister Erna Solberg (H) til stades. (©NPK)