Betydeleg snøskredfare i helga

Publisert 17.02.2017 kl. 13.59. Oppdatert kl. 14.20.

I helga vert faren for snøskred betydeleg i Voss og Hardanger. Det melder varsom.no. I morgon, laurdag, bør du difor vera forsiktig dersom du skal ferdast i fjellet. Det er snø og sterk vind som er med på å gjera at snøskredfaren vert rekna som betydeleg. - Me oppfordrar alle til å starta turplanlegginga på varsom.no, og planleggja turen i samsvar med skredproblema me beskriv, seier Ragnar Ekker i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NRK.