Bil stolen frå parkeringsplass

Publisert 19.03.2017 kl. 11.25. Oppdatert kl. 14.00.

I løpet av helga vart ein pickup av typen Nissan King Cab stolen frå parkeringsplassen utanfor Evanger stasjon. - Bilen hadde stått der sidan fredag. Men då eigaren kom for å henta bilen sin sundag morgon, var han vekke, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue hjå Vest politidistrikt. Bilen har registreringsnummer KB14946. På same staden oppdaga eigaren av pickupen at ein Volvo hadde fått knust bakruta, og at anlegget mest sannsynleg var stole frå bilen. Politiet ynskjer om tips i saka.