...
Foto: Sveinung Klyve

Tiurleik

Tiurleiken har vore i gang no i fleire veker. I det siste har det vore høneveka og stor aktivitet på leiken.

Publisert 07.05.2012 kl 08:40 Oppdatert 07.05.2012 kl 08:47

Tips ein venn på e-post:

Masse tiur og røy i sentrum av leiken og fleire parringar om morgonen. Alt skjer berre 15-20 m frå kamuflasjeteltet.

Tiur-leik, med tekst av Geir Lystrup

Eg vi’kje sova,eg vi’kje vaka.
Eg sit på leikmyri ,frys meg klaka.
Eg vi’kje leva,eg vi’kje døy.
Eg er ein tiur forutan røy.

Det var ei vårnatt på leikarvollen.
Me låg med kikkert bak parasollen.
Mi møy og eg uti Guds natur,
ville sjå når tiuren tek seg brur.

Men aldri høyrde ell’ såg me tiur,
for fullt av telt sto til båe si’ur.
Der var det klunking og klirr og preik,
frå naturistar som låg på leik.

Ut av eit telt kom ein katt frå Drammen,
han prøva lure frå meg madammen.
Han baud på tiur på video,
ho let seg lokke,og vekk var ho.

Eg skjøna snart der var fugl i mosen.
For bort til teltet hass,dro opp låsen.
Der såg eg orrspel for ein zoolog,
og det var’kje video,det eg såg.

Eg vi’kje sova,eg vi’kje vaka.
Eg sit på leikmyri,frys meg klaka.
Men fær eg leva og ikkje døy,
kjem eg att til våren og finn meg røy!

Tiurleik - foto: Sveinung Klyve

...


På forsiden nå


...

Vossarebellar på Norge rundt

Voss Gjekk du glipp av innslaget med dei unge rockabilly-musikarane i The Vossa Rebels på Vestlansrevyen tysdag, er det ingen grunn til å fortvila. Les meir

Mai-foto

...

Klikk for epost, MMS til 2005, kodeord hofoto, b.tekst fotograf. Klikk og publiser/sjå foto på Hordatunet.no

Sjå bilete

...

Millionsprekk

Voss Voss stasjon har vorte 294 millionar kroner dyrare. No har prosjektleiaren i Jernbaneverket fått sparken frå prosjektet. Les meir

Norsk kunst på nett

NPK (NPK-NTB): Norsk kunst tek nye digitale steg når Nasjonalgalleriet opnar dørene for internettbrukarar over heile verda gjennom Googles Art Project.Les meir

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Trond Syversen
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.