Djupt personleg i Dalekyrkja

Ei svært personleg plate er bakgrunnen for Ingvild Lilletvedt Nordstoga sin konsert i Dale kyrkje sundag kveld.

Publisert 18.03.2017 kl. 18.35.

Lilletvedt Nordstoga er fødd og oppvaksen på Stamnes, men ho bur no i Vinje i Telemark. I 2014 gav ho ut albumet Den minste Cafeen, og i fjor haust gjekk ho på ny i studio, saman med musikarar som Helge Lilletvedt, Helge Andreas Nordbakken, Marius Graff og Håkon Eivind Larsen. Resultatet vart albumet Ringen, som nett et komen på marknaden, og det er musikken frå dette albumet som skal framførast på konserten i Dale kyrkje sundagskvelden.

I tida mellom dei to plateutgjevingane mista Ingvild eit menneske som stod henne nær. Det har sett sitt klare preg på både tekstar og melodiar på Ringen. Invild seier sjølv at kvar historie fortel noko om det å vera i livet og tola å kjenna etter og vera i det som ikkje alltid kjennest som like godt. Ho kjenner seg privilegert fordi ho har fått gjeve ut dette albumet, ikkje minst «fordi eg lova eit heilt spesielt menneske, nokre dagar før ho døydde, at eg aldri skulle gjeva meg med musikken».

Den lovnaden har ho halde.