annonse

Fire nye år for Tveit i Eidfjord

HELD FRAM SOM ORDFØRAR
HELD FRAM SOM ORDFØRAR: Kommunesamanslåing har vore eit sentralt emne i Hardanger-kommunane. Anved Johan Tveit, som held fram som ordførar i Eidfjord dei neste fire åra, meiner dei fleste i hans grender stort sett ser grensene best uendra.

Med støtte frå Høgre tek Anved Johan Tveit fire nye år som ordførar i Eidfjord. Ap, som fekk 42 prosent av stemmene, er skuffa og kallar det avtala spel.

Karl Ystanes

Ordførarkabalen i Eidfjord er endeleg lagd. Eit valteknisk samarbeid med Høgre, der Høgre sin kandidat Aslak Lægreid, vert varaordførar, sikra Senterpartiet ordføraren i Eidfjord den komande valperioden. Han heiter Anved Johan Tveit, og er slett ikkje ukjend med vervet.

Fjerde periode som ordførar

Fyrste gong Tveit fekk ordførarklubba var i 1999. I 2003 fekk bygdelista Tverrpolitisk Bygdeliste ordføraren, men Tveit attende i 2007, og har sete som ordførar i Eidfjord sidan.

Ved valet i år, fekk ikkje Sp flest røyster. Det gjorde Ap, og vil ha åtte av 17 representantar i det nye kommunestyret. Men dei er framleis i opposisjon.

«God utteljing for Høgre»

Høgre, som sat med jokeren, og leiarkandidat Aslak Lægreid, kan ha god grunn til å vera nøgd med avtalen som no er i hamn.

- Me fekk inn to representantar, og båe to har fått plass i formannskapet. Det må kallast god utteljing, seier Lægreid, som har kapra varaordførarvervet.

Han fortel at dei har hatt god erfaring med å samarbeida med Sp, og at dei har meir til felles politisk med Sp, enn med Ap, og at det er grunnen til at dei vil støtta Sp i ordførarvalet.

-Me har ikkje forplikta oss til noko meir, men me kjem til å ha felles gruppemøte med Sp i kommunestyremøta framover, fortel Lægreid.

Svært skuffa

Leiarkandidaten deira, Gunvall Medhus, seier til Hordaland at dei i og for seg ser det som greitt at Høgre og Sp fann fram til eit samarbeid.

- Ja, det seier me ikkje noko på. Men me er svært skuffa over at me ikkje har fått koma med tilboda våre til Senterpartiet, før avtalen deira med Høgre vart signert. Det vitnar om avtala spel, seier Medhus.

- Det har ikkje vore avtala spel, seier Tveit.

- Me har hatt eit godt samarbeid med Høgre i førre periode, og me har funne grunnlag for eit godt valteknisk samarbeid for komande periode. Me er glade for at Høgre vel å samarbeida med oss, og skulle dette samarbeidet endrast, måtte det i så fall vera på grunn av at me har vore misnøgde med noko, men det har me ikkje vore, seier Tveit.

Det tok si tid før Eidfjord landa ein ordførar denne gongen. Grunnen, fortel Tveit, har helst handla om at folk som har hatt sentrale roller i forhandlingsutvala har vore på reis.

No ser han fram til å byrja på sin fjerde ordførarperiode.

- Det har vore ein god dialog i kommunestyret i førre perioden, på tvers av partigrensene. Det håpar eg me kan halda fram med i tida som kjem, til beste for Eidfjord, seier ordførar i Eidfjord, Anved Johan Tveit.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.