annonse

Fjellfiskarar nådde ikkje fram i retten

:

Fire menn frå Eidfjord er i Hardanger tingrett dømde til å betala bøter for å ha køyrt bil ulovleg i Hardangervidda nasjonalpark.

Karl Ystanes

Det er ved austre del av Tinnhylen at dei fire karane i 2014 og 2015 skal ha brote reglane for motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark, og vorte melde for dette av Statens naturoppsyn.

Dei fire har fiska i Tinnhylen i årevis, og har frakta båt på hengjar med bil og traktor på vegen inn til Byen, som ligg eit stykke aust langs Tinnhylen.

Deretter har dei køyrd litt under ein kilometer frå Byen og ned til Hylatangen, for å setja båtane på vatnet, og det er denne siste køyrestrekningen som er den omstridde biten i saka. Det er ikkje veg ned, men distansen er køyrbar, og fleire har køyrd her kvart år.

Ikkje veg ned til vatnet

Det er ifylgje SNO ikkje lovleg å køyra ned til Hylatangen, då distansen frå vegen og ned til vatnet er rekna som utmark, og all motorferdsel i utmark er rekna som ulovleg.

Karane har heller ikkje hatt eit særskilt løyve til å køyra ned til vatnet. Hytteeigarar i området har særskilt løyve til å køyra ned til hyttene.

Sjølv om det har vorte køyrd ned til stranda på Hylatangen ved fleire høve, er ikkje det same som at det er ein veg ned, meiner naturoppsynet.

Dette meiner karane er feil, og at dei har handla i god tru. Då dei fekk bøtene, nekta dei å betala dei.

Meinte dei handla i god tru

Dermed enda saka i Hardanger tingrett, og rettssaka gjekk over to dagar i slutten av februar i år.

Karane sa seg ikkje skuldige då rettsmøtet byrja. Det var kalla inn sju vitne i saka, og etter at rettsforhandlingane var over, kom dommaren til at mennene må betala bøter for brot på reglane og naturmangfaldlova, at dei har køyrd ulovleg og at dei har gjort det på ein aktlaus måte, ved at dei ikkje har sett seg nok inn i kva reglar som gjeld for motorferdsel i nasjonalparken og kor langt retten deira som garnfiskarar når.

Formildande moment

Retten kom likevel til at aktor sin påstand om 18.000 kroner kvar i bot var noko drygt, og sette denne summen ned til 5000 kroner kvar.

Dette grunngjev dommaren med at ein trass alt kan finna fleire moment som talar til fordel for karane, mellom anna manglande informasjon om kva reglar som gjeld i området og at køyrepraksisen ned til vatnet ikkje har vore slegen ned på tidlegare.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse