ATTENDE I KLASSEROMMET: Herborg Sangnæs Kvamme (68) arbeidde som lærar­ på skulen i 43 år. Denne veka var ho attende på jobb etter fire år som pensjonist. Her med Synne Mæland Naa (6).

Ein gong lærar, alltid lærar

Slik gjekk det då pensjonistane­ tok over skulen i Granvin.

Publisert 19.03.2017 kl. 07.44. Oppdatert kl. 22.21.

- Eg var veldig spent i natt. Veit ikkje om eg fekk sova så mykje, seier Herborg Sangnæs Kvamme (68) og ler.

Herborg jobba som lærar på Granvin skule i 43 år, og pensjonerte seg for fire år sidan. Denne veka var ho tilbake på skulen som lærar, i lag med fleire andre pensjonerte lærarar og assistentar som jobba på skulen før. Då alle lærarane og assistentane på skulen skulle på studietur til Edinburgh, spurde dei om pensjonistane kunne steppa inn som vikarar.

- Og det ville me jo sjølvsagt. Det er veldig kjekt å vera attende. Og samstundes rart å sjå elevar som ein ikkje kjenner i det heile tatt, seier Herborg.

MODERNE UNDERVISNING. I dag er det matematikkens dag, med litt meir leik og moro i undervisninga enn vanleg. Elevane rullerer rundt på ulike rom og stasjonar. På Herborg sin stasjon får elevane matematikkundervisning i form av eit kortspel.

- Kva er differansen mellom ti og sju?

- Tre, svarar Synne Mæland Naa (6).

- Det er heilt riktig, tre! Veldig bra, seier Herborg.

Herborg har aldri vore læraren til Synne før. Men ho har hatt omtrent heile familien hennar som elevar.

DANS: Når lærarane er vekkreiste, vert dagen litt annleis. Her dansar Mina Holven Matre (6) og Kuba Sikorski (6) zumba.

- Veit du kva? Eg har vore læraren til mamma, pappa og onklane dine! Og til og med bestefar din! Han var ungdomsskuleelev då eg var heilt ny her, seier Herborg.

Då ho kom til skulen for 43 år sidan, var ho 25 år og nyutdanna. Mykje har endra seg sidan den gongen.

- Det er meir dialog i undervisninga no enn før, og det er bra. Før underviste ein rett frå tavla, men no har me «smart­boards» der elevane kan delta på undervisninga sjølve. Det trur eg er veldig bra, seier ho.

«ER DU 99 ÅR?» I klasserommet attmed er det matpause. Solveig Tveito (68) og Kari Djønne (67) har fyrsteklassen i dag, og den har dei også hatt i lag i mange år då dei arbeidde på skulen. Solveig arbeidde­ som lærar i 40 år, og Kari som assistent i 25 år.

- Eg slutta for tre år sidan, men det er nett som om det var i går. Det er herleg å vera attende på jobb. Kanskje eg skal starta opp att, spøkjer Kari.

På byrjinga av dagen fekk elevane gjetta­ kor gamle dei nye lærarane deira var.

- Då gjetta dei 99 og 59 år. Me seier ikkje kven som var 99! seier dei og ler høgt.

MONSTER: Jacob Bjørn Sandal (7) kosar seg i teiknerommet.

- Men eg trur du er mindre enn farmora mi. Og ho er 69 år, seier Linnea Vatnøy Bolstad (6) til Solveig.

LITT ANDRE REGLAR. For elevane var det både rart og spennande med nye lærarar på skulen for ein dag.

- Til vanleg må me leggja sekkene inne i klasserommet. Det måtte me ikkje i dag, seier Mina Holven Matre (6).

For med nye sjefar fylgjer det også med nye reglar. Og det er også lov å prøva seg litt.

- Dei veit ikkje heilt korleis me gjer alt på skulen no for tida, seier Helene Kjærland Saue (9).

- Det var nokon som sa at ordens­elevane brukar å gå ut med boset midt i timen. Men det gjer me eigentleg ikkje, seier Tuva Hauger Kjærland (8) og fniser.

Nokon av lærarane hugsar dei att frå dei gjekk i fyrste klasse.

- Det var litt rart. Eg tenkte «deg var det noko kjend med!», seier Helene.

SAKNAR ALLE BORNA. Bonus-arbeidsdagen går mot slutten for pensjonistane. Og for dei var det nok også både fint og rart å vera attende.

- Det aller beste med denne jobben er alle borna. Det at me fekk vera med dei kvar einaste dag var rett og slett heilt fantastisk, seier Kari.

EIN FLOTT STAD Å VERA: - Det beste med denne jobben var å få vera med alle borna, kvar einaste dag. Rett og slett fantastisk, seier Kari Djønne (67). Ho arbeidde som assistent på skulen i 25 år.

Solveig seier seg einig. Men i grunnen er det veldig greitt å vera ferdig med arbeidslivet­, òg.

- Eg skal nok ikkje attende på jobb, nei! Alt til sin tid. No er det godt å vera pensjonist, seier ho.

Eg har vore lærar til mor di, far din, onklane dine, bestefar din ...

Herborg Sangnæs Kvamme (68),

pensjonert lærar

GAMLE KOLLEGAER: Solveig Tveito (68) og Kari Djønne (67) har jobba i lag som lærar og assistent i mange år. Denne veka var dei attende på jobb i lag. - Det kjennest som om det var i går, seier Kari.