Tur frå Finden til Solrenningen
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
Elvira på gullsteinen. Foto: Ingvild Runhovde
Publisert: 04.09.09 kl. 12.29
Skribent: Jan Egil Dyvik
E-post: jed@avisa-hordaland.no
BERGSDALEN: – Me har hytte i Bergsdalen, og barnebarnet Elvira (6) var med meg i sommar – då me fann gullsteinen på Steinafjellet.
Det forlet Ingvild Runhovde, som er busett på Austlandet. Hytta som familien har i Bergsdalen, bygde Elvira sin tippoldefar for 75 år sidan.
– No er Elvira førebels siste generasjon som har hatt glede av både hytta og den fantastiske naturen som hytta ligg i, seier Runhovde.
For nokre år sidan fann dalingen og performance-kunstnaren Kurt Johannesen ut at han skulle dekka ein stein på Steinafjellet med bladgull.
Eit underleg påfunn i seg sjølv kanskje, men visseleg ikkje for kunstnaren.
– Steinen er fantastisk flott der den ligg glinsande mellom alle dei andre gråsteinane, meiner Runhovde.
– Ein dag la Elvira og eg turen til Steinafjellet, me gjekk oppover og oppover og endeleg – etter nesten fire timar og mange blåbærpausar i ulendt terreng, fekk me auga på gullsteinen.
– Eg trur nesten eg tek til å gråta, utbraut Elvira, ho vart så glad for å endeleg å ha nådd målet.
Me hadde nesten gjeve opp etter å ha virra rundt på fjelltoppen 975 m.o.h. i nesten ein time – utan å ha fått auga på steinen.
Ei lita, tøff og stolt jente, og kanskje endå kryare bestemor, gjekk med lette steg tilbake til hytta.
– Me feira gullfunnet med gelé og vaniljesaus før middag. Det hadde me ærleg fortent begge to, tykte me.
VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka
VOSS: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte tysdag diplom og 50.000 kroner til prisvinnarane frå Ulvund. / Les saka
VOSS: Utrykkingspolitiet stilte seg opp ved brannstasjonen i Hardangevegen i ettermiddag. På ein time hadde ti bilførarar fått gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka
VOSS: Frå sist fredag og ut denne veka, kjem Statens Vegvesen til å gjennomføra ein landsomfattande kampanje for bruk av bilbelte, / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka
23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka
Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka